Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Førde

Familiedag - Slåttedag

Bestill

Sommaren er her, og det er klart for nye familiedagar på Sunnfjord Museum!

På familiedagane kan du vere med på aktivitetar ute og inne, og vi legg opp til læring og leik for heile familien.

Torsdag 6.juli kjem fjordhesthoppa «Rakne Erla» og slår med hesteslåmaskin. Graset skal vi hesje, og som besøkande er du hjartleg velkomen til å vere med å både rake og hesje.

Program:
Frå ca. kl. 11. - 16.30: Slått og hesjing: Lasse Elvetun kjem og slår med hest og slåmaskin. Etterpå treng vi hjelp til å sette opp hesjer.

Kl. 12.00 og 14.00: Vi har omvisingar i tunet som er tilpassa born og familiar.

Kl. 10.00-17.00/Heile dagen:
"Bygg din eigen leikebåt" - Nede ved vatnet, til venstre mot vognhuset, finn du ein arbeidsstasjon med utstyr til å bygge leikebåt i tre.
Spel og leiker - stylter, ringspel og brettspel med meir. I tunet og Huus-stova.

Kverning av korn - i eldhuset kan du prøve å kverne korn med handkvern

Aktivitetar i utstillingssalen: nålefilting, karding, fletting og spinning
Her kan du også sjå utstillinga Livreddaren. Utstillinga tek føre seg treeinigheten mellom landskap, dyr og menneske. Gjennom fotografi, handverksprodukt og installasjonen Ullgloa blir du kjent både med sauen og ulla.

Det vert sal av vaflar, is, kaffi og brus.

Billettar:
Vaksne: 110 kr.
Honnør/Student: 80 kr.
Born 0-17 år: Gratis

NB! På dagar med arrangement ynskjer vi at alle som skal nytte seg av museumsområdet løyser billett.

Kilde: Visit FjordKysten

0

Familiedag - Slåttedag

Bestill

Sider du nylig har besøkt