Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Vossestrand

Familievenleg terrengsykling i Myrkdalen

Er du ute etter ein aktiv sykkelferie med heile familien er Myrkdalen plassen for deg! I Myrkdalen finn du ein 850 kvm pumptrack, hopplinjer i ulike vanskegradar, tilrettelagt sti med ulike element, samt sykkelutleige, kurs og guida turar for både vaksne og born.

Pumptrack Rett ved Myrkdalen Hotel finn du ein 850 kvm pumptrack i asfalt, som består av ulike formasjonar, kular og svingar.

I pumptracken kan ein bruka alt frå skateboard, sparkesykkel, tre-hjul sykkel og vanleg sykkel.
Med tanke på sykkel er det særs god øving å sykla pumptrack. Her får ein læra korleis ein posisjonerer seg på sykkelen, og korleis ein timer det å skapa trykk og fart utan å bruka pedalane. Dette er kjekk kunnskap og erfaring å ta med seg ut på naturlege stiar.

Alle typar syklar fungerer godt i ein pumptrack, men mange kjenner at dei får større fart og betre respons frå underlaget på ein sykkel utan demping. Døme på dette er BMX, hardtail eller ein form for dirt sykkel.

Sykkelløype med ulike element for born og nybyrjarar I tillegg til pumptracken har me ei lita sykkelløype med to grøne og ei blå sløyfe på oppsida av hotellet. Løypa er familievenleg og passar både for born og nybyrjarar, men også for syklistar som vil øva teknikk på små element. Sykkelanlegget kan du nytta fritt gjennom heile sommaren.

Last updated: 03/07/2024

Source: Destinasjon Voss

Familievenleg terrengsykling i Myrkdalen

Sider du nylig har besøkt