Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Sunnhordland Sveio

Fartein Valen-heimen

  • +47 53748000
  •  /  km From You
Overview

Fartein Valen-heimen

Heimen til komponisten Fartein Valen (1887-1952) ligg i Valevåg og er bevart som museum. Huset blei bygt i 1903 av far til komponisten, Arne Valen, som var misjonær. Komponisten sjølv budde der i to periodar, 1915-23 og 1938-52. I dag inneheld huset ein museumsdel og en bustaddel. Det blir brukt til konserter og foredrag, og er rikt på gjenstandar som fortel om Valen sitt liv.

Fartein Valen var svært knytt til heimbygda og landskapet der, og det har sett sitt preg på komposisjonane hans. I ”Fartein Valen sitt landskap” kan du gå i fotspora til komponisten og bli kjent med det landskapet han levde og arbeidde i.

Fartein Valen-festivalen er ein nasjonal festival med målsetting om å formidle inntrykk av både komponisten og kulturmennesket Fartein Valen. Komponistheimen i Valevåg er eit viktig utgangspunkt for festivalarbeidet. Fartein Valen-stiftelsen er ei privat stifting som er den nasjonale overbygninga for arbeidet. Under festivalen er det arrangement både i Sveio og i Haugesund.

Ope etter avtale. Ring Sveio kommune: 53748000.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad