Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Overview
Details

Fauskivalen er møteplassen for rocka folkemusikk og folkeleg rock. Dette blir festival nr. sju i rekka! Den musikalske ideen skal vera ein del av the story of folk into rock.

Fauskivalen ynskjer å syne spennvidde og musikalske samanhengar, og forhåpentlegvis vera eit bidrag til auka musikk- og kulturforståing. Det er glidande overgangar innanfor musikksjangrane. Dette kjenneteiknar tidas musikkbilete, vår tids musikarar utfaldar seg i eit sjangerblanda landskap. På Fauskivalen handlar det om musikk med røter, glad og stemningsskapande musikk.

4 dagar - 80 artistar – 20 konsertar – 4 scener

Fauskivalen har større program enn nokon gong med om lag 80 artistar fordelt på 20 ulike konsertar. Årets Låvekonsert med Sofia Karlsson blir eit høgdepunkt i Fauskivalen historia. Og endeleg kjem Odd Nordstoga til Fausko Amfi, det blir stas!

Den sjangerblanda musikkmenyen når fram til eit breidt publikum. Noko for ein kvar smak, med ein viss risiko for å oppdage artistar og musikk ein ikkje visste at ein ville like. 70-tals rock og 80-tals pop, «tribute» til Peter Gabriel og Åge Alexandersen, sørstats cajun, blues frå Himalaya, folkemusikarar, viser, gamaldans, bokhjørne, foredrag og forteljartime, barne- og familieprogram og folkemusikkmesse. Lokale talent får god plass, og dette året blir det ekstra stas å hylle to av Hallingdals to mest aktive spelemenn gjennom mange tiår, Sverre Isungset og Birger Liahagen.

God lyd er hovudproduktet!

Hallingdal Lyd, som har vore med på Fauskivalen sidan starten i 2010, er på plass og sikrar topp lydkvalitet og gode musikkopplevingar. Lydfolket er kulturens usynlege heltar!

Nytt 2016:
Fauskivalen er to veker tidlegare enn dei siste åra.Programmet er utvida frå to til fire dagar.Barne og familieprogram: Fauskivalen startar på torsdag 4 august med barne og familieprogram.Folkemusikkmesse: Sundag 7 august arrangerer Hemsedal Kyrkelege Fellesråd og Fauskivalen folkemusikkmesse på Fausko Amfi.
Velkomen!

Fauskivalen er blant dei største reindyrka musikkfestivalar i Hallingdal. Festivalen har funne sin plass i det norske festivallandskapet, likeeins ein plass i eit mangfaldig sommartilbod i turistbygda Hemsedal. Festivalar er sentrale som sosiale treffpunkt i vår tid, difor er det miljømessige så sterkt vektlagt på denne festivalen. Me trur dette er ein sentral grunn for at festivalen har vorte liv laga. Det er gledeleg når funksjonærar melder tilbake at det moro å jobbe på Fauskivalen, og når publikum bestiller festivalpakke for neste gong, usett! Me håpar det fortset slik. Takk til alle i den supre staben av entusiastar og medarbeidarar. Takk til  sponsorar, annonsørar, støttespelarar og samarbeidspartar. Og sist, men ikkje minst, takk til eit fantastisk flott festivalpublikum!

Me sjåas på Fauskivalen 2016!

Hjarteleg velkomen, beste helsing

Astri og Knut!


  • Last Updated:
  • Source: Hemsedal Turistkontor

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Utfordrende
  • Lett
  • Ekspert
  • Middels
Landskap
  • Skogsområde
  • Fjellområde
Årstid
  • Høst
  • Sommer

Utendørsaktiviteter

Fottur
  • Dagsturer (5-11 timer)
  • Flere dager
  • Korte vandreturer (1-4 timer)
Click to activate
Hemsedal, Norway
The latitude and longitude
60° 52' 48" N / 8° 28' 59" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad