Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Luster

Feigefossen

Feigefossen Waterfall
Feigefossen Waterfall
Feigefossen Waterfall

Med eit fall på 218 meter er fossen eit av norges høgste, uregulerte fossefall.

Når du køyrer riksveg 55 langs nordsida av Lustrafjorden får du Feigefossen rett i fanget frå sørsida. Parker bilen nedanfor garden Feigum, på fjorsida av vegen. Stien tek av frå fylkesvegen ca. 300 meter i retning Ornes frå parkeringa. Her kan du vandre på den tilrettelagte stien opp mot fossefallet og nyte fleire utsiktspunkt underveis. Stien er noko steinete på slutten, men er godt merka og lett å gå. Det tek om lag 45 min å gå frå vegen til utsiktspunktet som ligg 150 meter over havet. Brått når du kjem over ein bakkekam står fossen rett imot deg i all sin velde; ei mektig, nesten sjokkarta oppleving. Held du fram til topps får du stadig nye utsyn til du møter Hurrungane, den flotte fjellheim på toppen.

Ha på gode sko og ta med noko å drikke. Stien kan vere litt glatt og det er motbakke opp til fossefallet.

Etter ein flott tur til Feigefossen må du reise innom Feigesagi og nyte ein deilig vaffel med utsikt til Lustrafjorden. 

Frå Feigefossen er det kun ein kort køyretur til UNESCO Urnes Stavkyrkje. 

Kilde: Visit Sognefjord AS

Feigefossen

Sider du nylig har besøkt