Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Ryfylke Hjelmeland

Fem fargerike fylke

  • +47 51759510
  •  /  km From You
Overview

Lauvvik/Forsand - Lysebotn - Brokke - Hovden (evt. Dalen/ Åmot) -
Haukeligrend - Røldal - Sand - Forsand 
(Rogaland, Vest- og Aust Agder, Telemark og Hordaland).

2-6 dagar, 405 km, 2 ferjer.

Fantastisk rundtur der du får med deg eit tverrsnitt av sør-Norske landskap, med like variert natur som bygdekultur. Ruta følgjer tiltalande turistvegar: Nasjonal turistveg Ryfylke, Lysevegen, Suleskarvegen og Haukelivegen.

Ferje på Lysefjorden og hårnålssvingar opp frå Lysebotn. Lysevegen vidare til Øvre Sirdal. Ved Suleskar går vegen over fjellet opp i 1050 meters høgde og krysser SVR landskapsvernområdet, så til Brokke i Setesdal. Følg rv. 9 opp Setesdal via Hovden og til Haukeligrend, så ta E 134 til Røldal. Du kjem forbi Haukeliseter, ei betjent høgfjellshytte frå Stavanger Turistforening i hjarta av SVR og Hardangervidda. Sjå og stavkyrkja i Røldal. Frå Røldal, ta anten fv. 520 til Sauda eller rv. 13 heile vegen sør til Forsand.

Avstikkar til Telemark (126 km):
Ved Rotemo i Setesdal, ta rv. 45 til Dalen, og prøv ein båttur på Telemarkskanalen. Vidare forbi Eidsborg stavkyrkje til E 134,
så vestover mot Åmot og Haukeligrend. Sommarstid kan du ta Suleskarekspressen i ruta mellom Stavanger, Sirdal, Setesdal, Dalen og Åmot, sjå www.nor-way.no.


  • Last Updated:
  • Source: Stavangerregionen & Ryfylke
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad