Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Leirvik

Feriebolig ved Sognefjorden

Bestill
Feriebolig ved Sognefjorden
Feriebolig ved Sognefjorden
Feriebolig ved Sognefjorden

Sognefjord Experience tilbyr feriehus og hytter langs Sognefjorden. Her bidrar dei lokalkjente vertane med unike opplevingar

Sognefjord Experience gir deg hytter og feriehus langs den yttarste delen av Sognefjorden. Hyttene ligg vakkert til i Leirvik i Hyllestad, og Lavik som er like ved. Dei lokalkjente vertane bidrar til dei unike opplevingane slik at du kan oppleve kysten og Sognefjorden på sitt beste.

Om hyttene

Hos Sognefjord Experience kan du leige tre forskjellige hytter. To av hyttene ligg i Leirvik i Hyllestad, medan den siste ligg på Wærholmen i Lavik. Leilegheitene er romsleg, har gode fasilitetar, byr på gode natur- og kulturopplevingar, og kjekke aktivitetar i omkringliggande områder.

Korleis komme seg hit

For å komme seg til Leirvik kan du enten velgje å reise med ekspressbåten frå Bergen eller Selje til Rysjedalsvika, eller du kan reise med bil. Om du skal til hytta i Lavik kan du også her reise med ekspressbåten. Her tar du Sognebåten og går av stoppet ved Lavik, eller så kan du reise med bil.

Aktivitetar i omkringliggande områder

I Hyllestad finn du aktivitetar for både liten og stor. Her kan du oppleve den ekte vikinghistoria med utgangspunkt i Vestlandskysten. Reis på shopping hos søstrene Lavik, eller et deg god og mett hos Lavik kro eller Hotel Sognefjord. Hyllestad, og dei omkringliggande områdane byr på flotte turløyper, og fisken plaskar rett utanfor døra di.

Utleige av båt

Sognefjord Experience er staden for deg som likar å fiske, og tilbyr utleige av båt.

Konferanse og møter

Kombiner fagleg og sosialt påfyll i Leirvik. Her finn du moderne møtelokale i tradisjonell stil. Med ein rekke aktivitetar i nærleiken er Leirvik den perfekte staden for å lære og oppleve heile året.

Kilde: Visit FjordKysten

Feriebolig ved Sognefjorden

Bestill

Sider du nylig har besøkt