Dynamic Variation:
Offers
Choose Language
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Sunnfjord Fjaler

Feriehus - Lammetun Ferie og Fritid

  • Lammetun, Fjaler
  • +47 90652490
  •  /  km From You
Overview
Details

Feriehus med utsikt rett i den vakre Vilnesfjorden

Lammetun Ferie og Fritid ligg heilt vest i Fjaler kommune på ei landfast øy som heiter Lammetun, omlag 3 timars køyring frå Bergen. Frå våre utleigeeiningar har du utsikt rett i Vilnesfjorden og om sommaren går sola vakkert ned i havet.

 

VI HAR 3 UTLEIGEEININGAR: FLOA, NAUSTET OG FJÆRE

Floa ligg omlag 100 meter frå sjøen, og har to altanar med utsikt direkte til sjøen, fjellet Alden og solnedgongen. Leiligheita er utstyrt for 4 personar (ei dobbeltseng i eige soverom, og to sovealkover ved stova), fullt utstyrt kjøkken, bad (med dusj og toalett) og stove.

Pris: 950,- pr. døgn. Inkludert i leiga er ein båt med påhengsmotor. Båten er 15 fot og har ein motor med 15 hk. For fleire bilete og meir info sjå vår heimeside: ​​​​www.lammetun.no/floa

 

Naustet ligg rett ved sjøen. Den er utstyrt for 4 personar (dobbeltseng i sovealkove i gang og eit soverom med to enkle senger), fullt utstyrt kjøkken, bad (med dusj og toalett) og stove.

Pris: 950,- pr. døgn. Inkludert i leiga er ein båt med påhengsmotor. Båten er 15 fot og har ein motor med 15 hk. For fleire bilete og meir info sjå vår heimeside: www.lammetun.no/naustet

 

Fjære er eit lite og søtt krypinn for dei som ynskjer overnatting med tilgong til kokemoglegheiter og toalett. Her er det dobbeltseng med soveplass for maks 2 personar. Rommet er omlag 15m2 og har enkel innreiing. Her finn du eit lite kjøkken, kjøleskap, kaffitraktar, seng, tv/parabol, wifi.

Pris: 600,- kr. pr. døgn. For meir informasjon, sjå vår heimeside: www.lammetun.no/fjære

 

AKTIVITETAR

I området er det plassert ut benkar og bord. Her finn du bålgruver, bålpanner og ved slik at du kan slappe av og kose deg i vakker natur. Elles ligg vi nær fjell som har merka stiar, til dømes; «Einingsfjellet», «Bygdeheia» og «Alden». Her er det mykje bær og sopp for dei som likar å plukke det.

Vi tilbyr og aktivitetar som paintball, havrafting, frisbeegolf, paddle boards.

Lammetun Kystfort ligg like ved. Her har vi eit velholdt festningsanlegg frå 2. verdskrig. I hovudbunkersen er det hengt opp lokale bilete frå krigen, og i utkikkstårnet kan du sjå hjelpeteikningar/ målingar gjort av tyskerane for å betre lese posisjonen til skipa ute på fjorden.

For meir informasjon om våre aktivitetar, sjå vår heimeside: www.lammetun.no/aktivitetar

 

BOOKING
Epost: Booking@lammetun.no
Mobil: +47 90 65 24 90


Du finn oss også på:
www.lammetun.no
www.novasol.no
www.tripadvisor.no


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten

Overnatting

Romfasiliteter
  • kaffemaskin og/eller tekoker

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Jakt og fiske
  • Havfiskeri

Planlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Parkering

Taste Norway

Restauranter og kafeer
  • Grill-/biffrestaurant

Aktiviteter

Aktiviteter for barn
  • Lekeplass
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad