Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Møre og Romsdal VANYLVEN

Fire over 1000 - toppturar i Vanylven

  • +47 70125804
  •  /  km From You
Overview

Populær rundtur der utgangspunktet er frå parkeringsplassen på Røfsdalssætra. (Ripsdalsætra). På denne turen besøker du dei 4 toppane over 1000 meter som omkransar Blæjevatnet.

Turen byr på bratte oppstigningar, lett klyving og luftig utsikt frå egg og rygg, og er nok rosinen i pølsa når det gjeld turar i Vanylven. Delar av ruta følgjer same trase som andre ruter, men her har vi sett samen ein rundtur der du kan returnere til parkeringsplassen på Røfsdalsætra. Syvde Idrettslag har trimpostar på alle desse fire toppane, og soleis er denne rundturen veldig populær blant poengsankarar.
Startpunkt er frå parkeringsplassen på Røfsdalssætra (Ripsdalssætra), følg vegvisar «4 over 1000». Råsa startar ovanfor hyttene og er lett å sjå, merka med blåmalte steinar og stikker. Kryssing av ei lita elv som kan vere stor etter kraftig regn. Råsa får god stigning etterkvart og du kjem raskt opp i høgde. Ved Tåbrothytta er det passeleg å puste ut, herifrå går råsa over nokre knausar og terrenget flatar etterkvart ut innover lyngheiane mot Blæjevassbu. På lyngheiane kjem du til eit stikryss, her følgjer du vegvisar til Lisjeblæja. Merka rute langs foten av Lisjeblæja opp på Vaspesnakkane. Her ifrå er det bratt lyngmark som gradvis går over til grov steinur og fjell. Nokre parti med lett klyving når du nærmar deg toppen av Lisjeblæja. Frå Lisjeblæja og Blæja er det jamt over egg. Mellom Klungrepassasjen og toppen av Blæja er det nokre brattare parti med enkel klyving. ,http://mrfylke.no/Morotur/Turar/Blaejeegga-luftig-tur-langs-egg-og-rygg-Lisjeroefsdalen-Lisjeblaeja-Blaeja-Myrkevasstinden-Kvanndalen, Frå Blæjeskaret går ruta opp på platået ved Blæjeskartinden, her er eit stikryss med vegvisarar til Myrkevasstinden og Sandfjelltua. Du må ta ein avstikkar mot høgre til Myrkevasstinden der posten er, returner til stikrysset for å fortsette ned den bratte sida i retning Sandfjelltua.,http://mrfylke.no/Morotur/Turar/Sandfjelltua-via-Blaejevatnet, Frå Sandfjelltua kjem du ned på Sandfjellegga, her finn du eit stikryss med vegvisar til Røfsdalsætra. Følg merka rute ned ein bratt lyngbakke (300 høgdemeter) og følg merka rute forbi Olavskjelda. ,http://www.syvdeil.no/index.php?option=com_content&view=article&id=105&Itemid=120Her, er det enklaste staden å krysse elva frå Blæjevatnet. Følg merka rute innom Blæjevassbu og vidare nordover, inntil du kjem til stikrysset der du starta.
Frå Syvde sentrum køyrer du imot Saurdal. Ved Smedbøen, 150 meter før tydeleg bru over elva, svingar fylkesvegen mot høgre og du fortsett rett fram, mellom nokre bolighus. Når du har køyrt forbi husa er det reist ein stor stein på høgre side med ei kasse for bompengar til Myklebust sameige. Parker gjerne på inngjerda parkeringsplass på Røfsdalsætra.

Kategori: Krevjande / Svart


  • Last Updated:
  • Source: Ålesund & Sunnmøre
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages