Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Eastern Norway Tokke

Fiske i Tokkeåi og Bandak

  • Hotellvegen 16, Tokke
  • +47 35075656
  •  /  km From You
Overview
Details

Fiske i elvedeltaet Tokkeåi der storauren rår.

Fiskestamma i Tokkeåi og Bandak er over 10000 år gamal. Ein storaure frå Bandak er typisk fra 15-25 år gammel og kan vege over 15 kg. Fiskekortet gjeld for sone 1 og sone 2

Området ligg i Telemark fylke. Bandak og Tokkeåi ligg i Tokke kommune. Tokkeåi renn ut i Bandakdeltaet som er den vestlege delen av Bandak.
Den vestlege delen av Bandak er omgjeven av stupbratte fjell, som ragar opp mot 1000 moh. Landskapet flatar meire ut etter som du kjem lenger øst mot Kviteseidvatnet og Flåvatn.

Fiskereglar

VIKTIG 2019 SESONG: Av omsyn til storaurestamma er det ikkje lov å avlive fisk over 35 cm i sone 1. Dette er fisk som rekruterar storaurestamma og må difor sleppast ut att. Hugs krokar utan mothakar.
For meire utfyllande informasjon visast det til utfyllende fiskereglar for Tokkeåi og Bandak som du finn som vedlegg her.

Fiskekortet gjeld for både sone 1 og sone 2.

Fiskekort får du kjøpt på Dalen Turistkontor eller på www.inatur.no 

Urauren i Bandak og Tokkeåi
Når havet sto på sitt høgste etter siste istid for 10500 år sidan, vandra dei fyrste sjøaurane inn i Telemarksfjorden. Fjordarmen strakte seg frå kysten og heilt inn til Dalen i Tokke på denne tid. Etter nokre tusen år smelta innlandsbreane og landet heva seg. Sjøauren vart dermed innestengd i det me i dag kallar Vestvatna (Bandak, Kviteseidvatnet og Flåvatn)

Det er dette som er grunnlaget til denne unike storaurestamma i Bandak. På 1800 talet var Tokkeåi kjent for sitt gode fiske utover heile Europa. Det er skjedd mange endringar i vassdraget sidan den gong. Det er no sett i gang eit større arbeid med å få storaurestamma attende til historisk nivå. Dette arbeidet kan fylgjast på nettsida bandakkanalen.no

Generelt 

Tokkeåi tilhøyrer Tokke-Vinje vassdraget, Bandak er den øvste delen av Telemarkskanalen. Nedslagsfeltet til vassdraget dekker store delar av Hardangervidda. Bandak (72moh) er ein av dei største innsjøane i Telemark med sine 26,40 km2. Største målte djubde er ca. 340 m og er dermed ein av Noregs djupaste innsjøar.
I Bandak fins det aure, sik, røye, abbor, ål, bekkeniøye og trepigga stingsild. Auren i Bandak og Tokkeåi kan bli over 15 kg. Største dokumentera aure som er fanga på stong i Tokkeåi er 11,6 kg (2004) Største dokumentera aure som er fanga i Bandakdeltaet er 15,6 kg/100cm (2003) Under gytinga i 2011 vart det filma og dokumentert fisk på over 15 kg i Tokkeåi.

Vanleg fangststørrelse i Tokkeåi og Bandakdeltaet i sommarsesongen er aure frå 250g-1,5kg. Storaurestamma i Bandak utmerkjer seg med ein ekstrem k-faktor. Enkelte eksemplar er målte til over 2,0. Storauren oppnår denne kondisjonen etter mangeårig beiting på sik i Bandak. Nyare forsking har vist at Bandakauren kan oppnå ein særs høg alder samtidig med å ha ein uthaldane vekst.

Sjå bandakkanalen.no for meir info.

Gode fisketips

Vår- og forsommarfiske er eit spanande fiske i Tokkeåi. Gytevandringa til bekkeniauga er i gang på denne tid. Auren fylgjer denne vandringa opp i Tokkeåi og beitar på bekkeniauga. Auren er i matmodus og tek villig vekk kunstig agn av forskjellige variantar.

Haustfiske i Tokkeåi og Bandakdeltaet er på denne tid særs spanande. Bandaks gytande gigantar er på vandring til gytefelta i Tokkeåi. Å lure ein ekte storaure frå Bandak er langt ifrå lett. Storauren i Bandak er særs sky og det krevast mykje kløkt for å greie å lure den til å ta kunstig agn.

 


  • Last Updated:
  • Source: Vest Telemark

Generelt

Landskap
  • Skogsområde
  • Fjellområde

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Skogsvandring
  • Vandring
  • Jakt og fiske
  • Elvefisking
Fisking
  • Fiskekort påkrevd
  • Ferskvannsfiske
  • Elvefisking

Facts

Landscape
Mountain area
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages