Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Sognefjorden Aurland

Fiske og jaktinformasjon- Aurland

  • +47 99567609
  •  /  km From You
Overview

FJORDFISKE: Fiske i fjorden er fritt.

FISKE I FJELLVATN/ELV
Aurland kommune har eit areal på 1489 km2. Storparten av arealet ligg over 1000 m. over havet. Dei mange fjellvatna dekkar eit samla areal på omlag 55 km2. Aure/ørret er einaste fiskearten i fjellvatna.

Turistinformasjonane i destinasjonen sel fiskekort og kart for aurefiske i fjellvatna.
I Aurland kommune vert det selt fiskekort for 7 ulike soner, som til saman dekkar dei fleste fjellvatna i kommunen. Det er tilbod om eit felleskort ("Aurlandskortet") som gjev høve til å fiska i alle soner.
Fiskekortet gjeld i utgangspunktet berre for stongfiske, dersom ikkje anna går fram av orienteringa om dei ulike sonene. Born under 16 år fiskar gratis før 20.august.
Sone 1 : Aurland Statsallmenningen
Sone 2: Aurlandsfjellet langs "Aurlandsvegen"
Sone 3: Viddalsdammen
Sone 4: Aurlandsdalen
Sone 5: Stonndalen - Hednedalen
Sone 6: Flåmsdalen
Sone 7: Flåm vest

Hugs bandtvang for hund - i Aurland komune er det bandtvang frå 1. april til 30. sept.


ELVEFISKE - LAKS- OG AUREFISKE
Aurlandselvi(berre aurefiske)
Sesong: 10/7 - 31/8 - sjøaure med fluge/makk

Turistinformasjonen i Aurland sel fiskekort i Aurlandselvi for Aurland Jakt- og fiskelag . Dette omfattar 5 soner.
Sone 1: Bankhølen kr. 150
Sone 3: Langehølen kr. 250 for medlemar, kr. 350 ikkje medlemar
Sone 4: Tjorøyna kr. 200  for medlemar, kr. 300 ikkje medlemar
Sone 6: Kleppahølen kr. 200 for medlemar, kr. 300 ikkje medlemar
Sone 7: Prestøyna kr. 150 for medlemar, kr. 250 ikkje medlemar - gjeld juli mnd

Sone 7: Prestøyna kr. 250 for medlemar, kr. 350 ikkje medlemar - gjeld august mnd

Fisketida er frå kl. 1200 ein dag til kl. 1200 dagen etter.

Det er lov å fiska med flue når taumen utgjer kastevekta. Ein kan også fiska med mark - søkkevekt maks 5 gram. (dette tilsvarar 5 stk. 5 mm splitthagl). Alle andre typar søkke er forbode.
Frå 1. sept. er det berre tillete med flugefiske nedanfor Lovisbrua.

Gjeldane minstemål er 35 cm.
Fiskeretten går midtstraums i elva.
Døgnkvote er 1 stk.

FISKE I VASSBYGDVATNET
Sesong: 10/7 - 31/8
Fiskekort kan kjøpast i turistinformasjonen i Aurland .


SMÅVILTJAKT
Fjellrypa er det vanlegaste småviltet. Den er vanleg ved grassletter og i steinurer frå vierbeltet og opp i dei høgste toppane.
Lirypa lever i vierbeltet og øvst i bjørkebeltet.
Anna vanleg småvilt er hare og litt raudrev.

Småviltjakta startar 15. september i statsalmenningen og i nokre private sonar. Før 1. oktober er det forbod mot bruk av hund.
I kommunen er det bandtvang for hund frå 1.april til 30.september.
Turistkontoret sel kort for sonene:
1 - Statsallmenningen
2 - Aurlandsfjellet (Aurland-Lærdal)
5 - Skjerdal Sameige


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad