Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Fyresdal

Fiskebustøylen

Fiskebustøylen er ein gamal støyl på Valebjørgheia i Fyresdal som tilbyr enkel overnatting og forskjellige friluftsaktiviteter.

Fiskebustøylen er ein gamal støyl på Valebjørgheia i Fyresdal med kjent aktivitet datert tilbake til seint 1800-tal. I dag blir det tilbydd hytte-, fiske- og jaktleige her, og området er ypparleg for all slags friluftsliv. For å kome hit må ein køyre 6,2 km inn i heia frå garden Valebjørg Søndre. Fiskebustøylen er open frå midten av mai til november.

Velje mellom tre overnattingshytter
Fiskebu er størst og har elleve sengeplassar, vassklosett og dusj, gasskomfyr, kjøleskåp og oppvaskmaskin. Olavsbu har fem sengeplassar (to av desse er på ein hems), biotoalett og dusj, kokeplate og kjøleskåp. Rundebu har plass til to personar og er utstyrt med biotoalett og dusj, kokeplate og kjøleskåp. 

Fiskebustøylen har òg eit serveringslokale som blir kalla Båthuset, der ein kan halde konfirmasjonar, bursdagar, møter med meir. Her har det blant anna vore arrangement som Fiskebustøylen Fjellyoga og flugefiskekurs. Lokalet har plass til 30 personer.

Gå langs smale stiar og fiske aure i 32 vatn av ulik storleik
Vatna ligg på kring 500 moh. til 780 moh. og varierer frå 25 da til 1300 da. Det er også tilgang på båt og kano i nokre vatn. Fiskekort kan du kjøpe ved garden Valebjørg Søndre.

Beveg deg inn i naturens famn og kjenn på indre ro og stille. Velkomen til Fiskebustøylen.

Last updated: 03/20/2024

Source: Vest Telemark

Fiskebustøylen

Sider du nylig har besøkt