Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Lom

Fisking kring Leirvassbu

Bestill

Ta med fiskestonga og test fiskelykka i fjellvatna kring Leirvassbu!

Turisthytta Leirvassbu i Leirdalen er eit ypperleg utgangspunkt for fjellturar i kombinasjon med fisking. Her kan du bu på hytta og dra på dags-og kveldsturar med heile familien, eller igge fleire dagar i telt og oppsøke ulike vatn.

Nærmast hytteveggen ligg Leirvatnet ved foten av fjellet Kyrkja. Dette er eit relativt stort vatn - berre eit par minutters gange frå parkeringsplassen. På motsatt side av parkeringsplassen ligger tre mindre vatn med gode fiskemoglegheiter. 

Om du vel å gå i retning mot Spiterstulen og Visdalen, finn du fjellvatna Troget, Panna og Kyrkjetjønne på rekke rad. Vatna innehalder kun aure.

Om du går i retning mot Gravdalen og Skogadalsbøen kjem du til Gravdalstjørnene, med tilhøyrande små tjern rundt. For å komme dit følger du en gammal anleggsveg. Dit går det òg an å sykle.

Om du går mot Gjendebu over Høgvaglen kjem du til Øvre og Nedre Høgvagltjønnen. Regn med ein times gange til du kjem til Øvre vatnet. Da kan du fiske vidare nedover vassdraget til Langvatnet som er om lag 6 km langt.

Tips til rundtur med fiskestong - frå Leirvassbu: 
Om du vil ta deg ein rundtur med Leirvassbu som startpunkt, kan du gå ned Gravdalen og fiske i vassdraget ned til Gravdalsdammen. Gå vidare ned Utladalen om lag ein kilometer, og ta til venstre opp Rauddalen. Gå deretter til Olavsbu, som ligg i eit kryssområde for DNT sine turruter. Det er mogleg å overnatte i den sjølbetjente DNT-hytta Olavsbu. 

Om du vel den stuttaste ruta til Olavsbu, følg DNT-råket over Høgvaglen og kryss elva før du kjem til Langvatnet. Du vil da krysse Raudalsbandet på 1560 moh. før terrenget heller ned mot Olavsbu.

Frå Olavsbu går du vidare mot Gjendetunga. Det er fleire gode fiskevatn i Rauddalen. Det anbefales å slå opp telt ved Grisletjønnen.

Du kan så dreie nordover att og gå i retning Trondsholtjønne. På vegen vil du passere eit vatn som ligg på 1400 moh. Der er det fisk. Du kan så fiske i både Trondsholtjønne, Hellertjønne og Langvatnet, før du kjem til Høgvagltjønnen.

Dette er eit godt alternativ for en 2-3 dagars fjelltur med fisking! 

Om du skal på topptur eller går frå hytte til hytte så ta gjerne med fiskeutstyr. Å koke eller steike fisk i høgfjellet gir for mange den ultimate villmarkskjensla! 

Fleire fisketips og turbeskrivingar finn du i boka "Fiskevatn utenfor allfarveg" av Morten Wangen.

Kilde: Visit Jotunheimen AS

0

Fisking kring Leirvassbu

Bestill

Sider du nylig har besøkt