Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Fitjar

Fitjar Fiskefestival

Fitjar Fiskefestival

Fitjar Fiskefestival 11. - 12. august 2023

Den 11. og 12. august kan du bli med på årets fiskefestival på Fitjar.
Programmet er nesten fastspikra og tilbyr her følgande:

Fredag 11.august:
17.00 - 19.00 blir det grilling på meierikaien. Her står Engesund Fiskeoppdrett for gratis grillmat, underhaldning med Erik & Øyvind og god stemning.
Gi ein lyd på tlf: 95189950 om du kjem, slik at ein har eit overblikk over kor mange som treng mat.

Lørdag 12.august
Den store fiskekonkurransen og kåring av vinnar.
12.00 - sjørøvarshow, improteatergruppa Småsceneri frå Stord, presenterer "Gullgalne Gruella og jakta på den forheksa skattten".
Gratis arrangement.
Splitte mine bramsegl - skatt i sikte! I denne mystiske framsyninga dukkar Sjørøvardronninga Gullgalne Gruella opp i Fitjar på jakt etter ein mystisk skatt. Legenda seier at den som finn skatten får magiske krefter. Men andre luringar vil også ha kloa i denne… Kven finn den fyrst? Velkomne til ei ramsalt familieframsyning der alt kan skje!
Improteatergruppa Småsceneri inviterer til eit spennande og morosamt familieshow. Dette vert underhaldande for både barn og vaksne!

ca. 16.00 -17.00 - Trubadur og uteservering på Mix (Videoen). Musikk av Elisabeth Kristensen.

Last updated: 08/01/2023

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Fitjar Fiskefestival

Sider du nylig har besøkt