Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Skjåk

Fjelleventyret | Ridning i fjellet

Book

Fjelleventyret er ei familiedrift i bygda Skjåk i Gudbrandsdalen, som tilbyr rideturer i vakre Lundadalen i Breheimen nasjonalpark.

Fjelleventyret - opplev fjellet frå hesteryggen.

Fjelleventyret er ei familiedrift i bygda Skjåk i Nord-Gudbrandsdalen. Garden har 20 islandshester og utsikt inn i vakre Lundadalen. Her kan du bli med på rideturar innover gamle setervegar, og til fjells, anten du kjem aleine, med en ven eller kjærast, som ein familie eller som gruppe. 

Lundadalen er ein frodig seterdal som ligg i Breheimen nasjonalpark. Gjennom dalen renner elva Skjøle med sitt turkise breevatn, og titt og ofte glir det padlarar forbi. Å oppleve skogen, setervegane og fjellet frå hesteryggen er ei unik oppleving. Undervegs nyt ein niste med elvebrus i øyra og frisk fjelluft i nasen. 

Rideturar
Fjelleventyret tilbyr rideturar som passar både erfarne hestefolk, og dei som ynskjer å bli med på familieridning i trygge omgjevnader. Dei arrangerer både leieturar, turar i skog og mark og lengre turar frå bygd til fjells. Du kan bli med flinke guidar på tur kvar dag gjennom sommarsesongen. 

Her er turane: 
Leietur med hest, barneridning (1 time)
Ridetur i skog og mark (8 kilometer)
Fra bygd til fjell (12 kilometer)
Ranchferie: Opplev ranchlivet med eigen hest og seter

Les meir om rideturane her! 

Velkomen til årets vakraste sommareventyr - på hesteryggen! 

Last updated: 03/20/2023

Source: Visit Jotunheimen AS

Fjelleventyret | Ridning i fjellet

Book

Sider du nylig har besøkt