Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Eastern Norway Jotunheimen Skjåk

Fjelleventyret – Setra

  • Vassvangen 24, Skjåk
  • +47 48086104
  •  /  km From You
Overview

Hos Fjelleventyret i Lundadalen i Skjåk kan du overnatte på den koselege setra "Yste". Seterhuset er utan straum og innlagt vatn, men unik med levande lys og elva Skjøle som renn rett utanfor.

Velkomen til seters! 

Fjelleventyret ligg i Skjåk som byr på Lundadalen, som er ein seterdal i Breheimen nasjonalpark. Denne dalen har vore brukt til jakt og fiske og til setring i alle tider, og er i tillegg eit ypperleg utgangspunkt for fjell- og toppturar.

Midt i denne dalen på merka DNT-løype mot Trulsbu, ligg setra til Fjelleventyret. Setra ligg omtrent midt i dalen om lag 5 kilometer innover frå Heimste Lundadalssetra, der bilvegen sluttar. Setra vår Yste er utan straum og innlagt vatn, men den er unik med levande lys og elva Skjøle som renn rett forbi seterhuset.

Seterhuset er eit lafta seterhus oppført i 1995. Yste har enkel kjøkkenløysing, eit soverom med 5 sengeplassar og ei stove med ei budeieseng, sofa og ein spiseplass. To eldstadar. 

Denne setra kan du leie for 200 kr natta per person.

Inkludert i leiga er gass, ved og toalettpapir. Kjøkkenet er utstyrt med det du treng.

Hytta må reingjerast godt til dei neste fjellfolka som kjem forbi og som treng ei seter å kvile på. 


  • Last Updated:
  • Source: Visit Jotunheimen AS
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages