Fjelleventyret | Overnatting på setra
Hos Fjelleventyret i Lundadalen i Skjåk kan du overnatte på den koselege setra "Yste".
Fjelleventyret held til ved inngangen til Lundadalen, ein seterdal i hjarta av Breheimen nasjonalpark. Fjelleventyret tilbyr i tillegg til gardsovernatting, riding og aktivitetar også overnatting på setra "Yste".
Midt i Lundadalen ligg Ytste Lundadalsseter, også kjent som "Yste". Setra ligg rett ved merka DNT-løype mot Trulsbu, og om lag 5 kilometer frå Heimste Lundadalsseter, der bilvegen sluttar. Setra er utan straum og innlagt vatn, men den er unik med peis, levande lys og elva Skjøle som renn rett forbi seterhuset.
Seterhuset på Ytste Lundadalsseter er oppført i 1995 og har enkel kjøkkenløysing, eitt soverom med 5 sengeplassar, stove med ei budeieseng, sofa spiseplass og to eldstadar. Inkludert i leiga er gass, ved og toalettpapir. Kjøkkenet er utstyrt med det du treng. Du kan leige setra i perioda mellom 18.mai og 1.november.
Hytta må reingjerast godt til dei neste fjellfolka som kjem forbi og som treng ei seter å kvile på.
Lundadalen har vore brukt til jakt, fiske og setring i uminnelege tider, og er også eit ypperleg utgangspunkt for fjell- og toppturar.
Velkomen til seters!
- Bondegårsdferie
- Riding
- Rideturer
Kilde: Visit Jotunheimen AS
Fjelleventyret | Overnatting på setra