Skjåk
Fjelleventyret
Fjelleventyret er ei aktivitetsbedrift med base i Lundadalen i Skjåk, ved Breheimen nasjonalpark. Frå den idylliske garden tilbyr dei guida rideturar, toppturar og jaktopplevingar. Fjelleventyret har gardsovernatting, spiseri og eigen gardsbutikk.
Fjelleventyret halder til i idylliske Lundadalen, ein seterdal som har vore brukt til jakt og fiske og til setring i alle tider, og er i tillegg eit ypperleg utgangspunkt for fjell- og toppturar. Fjelleventyret tilbyr rideturar for heile familien, guida turar til fots eller på ski, reinsjakt og andre flotte fjelleventyr. Her bor du landleg med 20 hestar og over 100 sau på garden.
Overnatting på garden: Fjelleventyret leiger ut trivelege og nye rom i fire ulike hus på garden. Alle rom er av meget høy standard med eigne store bad.
Deluxeleilegheit på låven: Deluxerommet er nyoppussa høgstandard leilegheit som ligg i låven med eiget bad. Fu
Annekset: Koseleg anneks med dobbeltseng og eigen uteplass. Her kjem du til oppreidde senger og handklede inkludert.
Som gjest hjå Fjelleventyret har du tilgang på treningsrom, sauna, restaurant og stor terrasse. Frukost, lunsj og middag, blir servert i Spiseriet på garden, som har fokus på smakfulle måltid med lokale råvarer.
Velkomen til gards!

Kilde: Visit Jotunheimen AS
Fjelleventyret