Fjellhaugen Skisenter
Fjellhaugen Skisenter er eit flott, lite skiparadis i Kvinnherad. Når det er nok snø, er det ved snø preparert langrennsløype, både for klassisk og skøyting
.
Her finn du også alpinanlegg med eige barnetrekk, akebakke og område for skileik.
Ved Fjellhaugen Skisenter er det ved snø preparert 5 km lysløype . Løypene er vanlegvis preparert både for klassisk langrenn og skøyting. Lyset er på i lysløypa til kl 23:00. Nærere opplysningar om løypene og turterrenget får ein i billettbua ved skitrekket som er open i skisenteret sine opningstider. Det blir kjørt opp turløyper i området.
Alpinanlegget har eige barnetrekk, akebakke og område for skileik.
Fjellhaugen Skisenter har alpinbakkar og skitrekk med lengde på ca 1 km. Her er to nedfartar. Høgdeskilnaden er på 175 meter. Her er også eige barnetrekk. Skisenteret har varmestover og kiosk som er open i alpinanlegget sine opningstider.
Sjå opningstidene og prisar for Fjellhaugen Skisenter på senteret sine nettsider.
Ved Fjellhaugen Skisenter finn ein også fantastiske turområde som strekkjer seg heilt inn til den sørlege delen av Folgefonna.
Dei mest brukte skiløypene vert kjørt opp når dette er mulig.
- Vinter
- Langrenn
- Familievennlig
Kilde: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Fjellhaugen Skisenter