Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland VOSS

Fjellklatring på Lønahorgi, med Wild Voss

  • +47 93484041
  •  /  km From You
Overview

Bestig det karakteristiske fjellet Lønahorgi via "Pionerruta". Her får du øva på å klatre i taulag, handtera luftige omgivelser og gjennomføre fleire rappellar. På anmarsjen får du også oppleva flott natur og levande kulturlandskap.

Like nord for Voss ligg Lønahorgi. Med sine 1410 meter over havet er ikkje fjellet det aller høgaste på Voss, men ingen av nabofjella kan måla seg med Lønahorgi når det kjem til estetikk og karakter. Austsida av fjellet byr på blankskura stup, ville hengedaler og flott utsikt. Ein smal og bratt fjellrygg leier mot toppen. Her finn vi mykje flotte fjellklatring. På denne turen tar vi deg med opp «Pionerruta», ein av dei lettaste og flottaste rutene.

Turbeskrivelse
Denne turen gir deg ein glimrande introduksjon til fjellklatring. Nærleiken til Voss kombinert med relativt kort anmarsj gir mykje tid i tauet samanlikna med andre klatreturer. Ruta byr på om lag 165 meter med klatring i fast og fint fjell i luftige omgivnader. «Pionerruta» på Østpillaren gjer deg godt førebudd til klatreturer i høgfjellet, til dømes i Jotunheimen.

Frå startpunktet ved gardstunet Staup følgjer vi ein god sti gjennom skogen til stølen Moldbakken. Undervegs beundrar vi jettegrytene som elva Breimo har skapt. Turen går gjennom triveleg furuskog opp mot tregrensa, forbi det idylliske stølstunet Breiming. Ei bratt oppstigning tar oss inn i Årdalen, ein mektig hengedal forma som eit digert amfi. No har vi Lønahorgi sine ville stup rett over oss. Vi siktar på den markerte Østpillaren, som leiar opp mot toppryggen til Lønahorgi. Vi kryssar eit par elvar og frodige, bratte beiteområde før nærmar oss klipper og bart fjell. Her tar vi på oss klatreseler og hjelmar og bind oss inn i tau. Vanlegvis bruker vi omtrent 2 timar opp hit.

Klatreruta vi følgjer byr på 3-4 taulengder (165 meter) med flott og relativt lett klatring. Eit par korte passasjar har vanskar opp til grad 4+. Føraren din tar leiinga og sørger for sikkert handverk og gode ruteval. Klatringa følgjer riss og renneformasjonar i fjell med god steinkvalitet. Omgivnadene mildt sagt spektakulære!

Ruta toppar ut på grasdekte hyller nær ryggen som leiar vidare mot toppen av Lønahorgi. Høyden her er omtrent 950 meter over havet, noko som gir ei herleg utsyn mot sør og aust. Det er mogleg å fortsetja til toppen av Lønahorgi til fots, men det gir ein lang retur. Det vanlegaste er å rappellera ned igjen langs ruta. 3-4 rappellar tar oss tilbake til starten av klatringa. Føraren sørger for at rappellane går trygt for seg og i roleg tempo. Vanlegvis bruker vi totalt 5 timar på klatring og rappellar.

Vi returnerer same veg som vi gjekk opp. På returen rekk vi ein rask, frisk dukkert i ein av dei flotte jettegrytene langs Breimo.

Kva får du oppleva?
Denne turen gir ein fin introduksjon til fjellklatring. Her får du øva på klatring i taulag, handtera luftige omgivnader og gjennomføra fleire rappellar. Terrenget byr på passelege tekniske utfordringar, men er mindre utsett for vêr og krevjande forhold enn liknande turar i Jotunheimen.

Klatring gir deg ei kjensle av mestring og glede. Kjensla av høgde kombinert med den fysiske og mentale utfordringa krev at du er konsentrert og løsningsorientert. Klatring er derfor ein glimrande måte å tømma hovudet for alt anna - og berre vera til stades i din eigen utfoldelse.

På anmarsjen til klatringa passarar vi flott natur og levande kulturlandskap, noko som skaper ei stemning av ro og bidrar til ein flott og heilskapleg naturoppleving.

Sesong
Denne turen gjennomfører vi på bestilling i perioden 15.juni til 10.oktober. Vi har avgrensa kapasitet på denne turen.

Krav til deltakarar
For å ha utbytte av denne turen bør du ha klatra litt utandørs tidlegare. Du treng ikkje å kunna klatra på led eller ha brattkort. Du må vera i normalt god turform og ha gått turar i ulendt fjellterreng. Du må tola høgder og luftig terreng.

Nødvendig bekledning og utstyr
På denne turen treng du:
- Gode tursko eller fjellstøvlar.
- Vind- og vasstette klede.
- Varm genser eller jakke.
- Lua og hanskar.
- Ekstra t-skjorte og/eller ulltrøye.
- Solbriller og solkrem.
- Drikkeflaske, nista og litt tursnacks.
- Vandrestaver kan vera lurt.

Wild Voss stiller med alt nødvendig tryggingsutstyr og klatreutstyr (sele, hjelm, tau og sko).

Prisar og vilkår
Fjellklatring på Lønahorgi har ein fastpris på kr 4 900,-.
Gruppestorleik: 1-2 deltakarar per førar. Nedre aldersgrense for barn er 15 år.
Inkludert i prisen:
- Fjelltur, fjellklatring og rappell med sertifisert klatreinstruktør.
- Råd og rettleiing undervegs.
- Alt nødvendig tryggingsutstyr.
- Alt nødvendig klatreutstyr.
Ikkje inkludert i prisen:
- Transport frå Voss til klatreklippene.
- Tog eller annan reisemåte til Voss.

Ved å reservera plass på denne turen aksepterer du Wild Voss sine kjøps- og avtalevilkår (https://www.wildvoss.no/dokumentasjon)
Turen går i fjellterreng og er utsett for vêr og vind. Forholda på ruta avgjer om det lèt seg gjera å gjennomføra klatringa som planlagt. Vi gjennomfører alternativt opplegg viss forholda krev det.

Litt om ansvarleg turisme og berekraft
Wild Voss jobbar kontinuerleg med å redusera det økologiske fotavtrykket til våre turar og aktivitetar. Vi følgjer dei oppdaterte GSTC-kriteriene for eit ansvarleg reiseliv. Som deltakar på ein av turane våre kan du vera trygg på at:
- Vi ferdast sporlaust og i tråd med «Leave No Trace-prinsippene».
- Vi nyttar utsleppsfri infrastruktur når det er mogleg.
- Turane våre går til fots, på truger eller på ski. Ferda vår i naturen bidrar ikkje til auka klimagassutslepp, og fører med seg minimale konsekvensar for økosystema omkring oss.
- Guiden din deler gjerne kunnskapen sin om lokal natur, kultur og stader vi besøker.
- Vi støttar ansvarlege, lokale bedrifter.
- Guiden din vil framsnakke varsam og naturvennlig ferdsel og auka medvitet ditt om lokalt dyre- og planteliv.
- Vi følgjer lovar og reglar for ferd i fri natur og i kulturlandskap.
- Vi jobbar for å minimera avfallsmengda, og vel derfor produkt og emballasje med lang levetid.

Har du spørsmål om turen?
Kontakt Øystein på +47 93484041 eller send ein epost til post@wildvoss.no.

Turdetaljer fjellklatring på Lønahorgi
• Samlet distanse: Omtrent 8 km (rappell ned ruta) eller 13 km (Lønahorgi rundtur)
• Estimert tidsbruk: 8-9 timar frå bil til bil.
• Samla stigning: 800 meter (rappell ned ruta) eller 1250 meter (Lønahorgi rundtur).
• Turgradering: Ekspert – svart. Klatring opp til grad 4+. Rappellar. Bratt og ulendt terreng. Kryssing av nokre elvar.
• Familievennlig: Nei. Aldersgrense 15 år.


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages