Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Hjelmeland

Fjellsenden

  • +47 51840200
  •  /  km From You
Overview
Details

Om du ikkje bur i Ryfylke, må du rekna to dagar til denne turen. Overnatting kan skje på turistforeininga si hytte Melands-Grønahei.

Fjellsenden ligg i hjartet av Vormedalsheia landskapsvernområde. Dette høyrer med til indrefileten i Rogalands fjellheim, og er på mange måtar naturen sitt utstillingsvindauge. Her er sjeldne og vakre planter, rike viltbiotoper, spesielle geologiske forekomster og rik kulturhistorie.

Dei fleste startar turen til Fjellsenden frå Kleivaland. Herfrå kan du følgje turistforeininga si raudmerka løype til hytta på Melands Grønahei. Turen fører deg trinnvis oppover gjennom planteskog, stølsområde og ein særdeles variert og rik flora. Bergrunnen er næringsrik og fleire stader kan du finne bergfrue og andre kalkelskande planter i brattkantane og rasmarkene. I starten har du kontakt med Melandsåna som er varig verna.
Neste dag fortset turen til Fjellsenden. Følg raudmerka løype mot Grasdalen fram til søraustre side av Fjellsenden. Her er satt opp skilt. Ta opp skråninga mot toppen. Denne delen er ikkje merka så følg godt med på kartet.
Heimturen kan gå same veg som opp.

Adkomst:
Følg riksveg 13 til Hjelmeland. Ta av mot Vormedalen og køyr vidare til Kleivaland.

Parkering:
Ved oppslagstavla på Kleivaland.

Løypa:
Første dag: 4-5 timer på merka løype til STF si hytte Melands Grønahei.
Andre dag: Halvannen time vidare til toppen. Første del merka.
Retur same veg til Melands-Grønahei og vidare til Kleivaland.


  • Last Updated:
  • Source: Region Stavanger

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Lett
Landskap
  • Skogsområde
Årstid
  • Hele året
  • Høst
  • Vår
  • Sommer
  • Vinter

Utendørsaktiviteter

Fottur
  • Merkede turstier
  • Korte vandreturer (1-4 timer)

Plenlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Parkering
Click to activate
Hjelmeland, Norway
The latitude and longitude
59° 13' 40" N / 6° 30' 23" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad