Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Sogndal

Natursti (familietur) Balestrand

Natursti – Kreklingen Naturstien går frå Belehalli idrettshall i Balestrand sentrum og til Sandstølen eller Skåsheim, det er ein lett tur som går frå 90-250 moh.

På første del av stien finnast der plakatar med informasjon om flora og fauna, når du er oppe får du flott utsikt over Balestrand.
Turen går frå Belehalli og er merkt oppover med skilt og gul merking mot Granlia og Skåsheim. Frå Granlia kan du anten følgje gul merking til Sandstølen (kort rute) eller til Skåsheim (lenger rute)
Dekket på stien er grus/gras og den er ca 50-60 cm brei, den kan nyttast til ofroad sykling
Det tek mellom 2 og 4 timar å gå turen, alt etter form ein er i og kva rute ein vel.

Tilkomst:
Frå Balestrand kai/turistinformasjon går du opp Lærargata og vidare på Kreklingevegen før du kjem til Belehalli som er startpunkt. Vegane er merka med kvite "nature trail" skilt.

For å kome seg til Balestrand kan ein nytte ekspressbuss frå Oslo, Trondheim eller Bergen, ekspressbåt frå Bergen eller med privatbil
Dersom du kjører personbil kjem du til Balestrand via E39 og rv55 frå Bergen og Trondheim, Via E16 og rv55 frå Oslo

Meir informasjon – Balestrand Turistinformasjon
www.ut.no

Last updated: 03/05/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Natursti (familietur) Balestrand

Sider du nylig har besøkt