Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Stord

Fjelltur Lundsseter - Tysebotnen - Ravatnet

Fin fjelltur med litt bratt stigning - og fin utsikt!

Rundtur Lundsseter – Tysebotn – Breidalen – Ravatnet – Lundsseter

Stad

Lundsseter, Stord

Turkart

Stord-Fitjar (1:50:000)

Start- og sluttpunkt

Lundsseter kraftstasjon

Parkering

Ved kraftstasjonen. Ta av frå E39 til Lundseter(i Førlandskrysset), rett sør for Grov. Kjør forbi Fjellstova og på asfaltert veg til parkeringsplass ved kraftstasjon.

Merking

T-merka

Gradering

Raud, Krevjande, 3 støvlar etter DNT-systemet

Høgdeskilnad

255 - 463 moh

Tidsbruk

4-5 timar

Turomtale

Følg sti bratt oppover frå parkeringsplass. På toppen ovanfor hytte er det god utsikt over Sunnhordlands-bassenget.

Etter eit lite flatt parti, ta til venstre i stikryss og ned skaret mot Tysevatnet. Gå innover langs Tysevatnet og ta til venstre i stikryss oppi bakken. Følg stien over åsryggen og ned mot Tysebotnen, forbi hyttene og til stikryss litt ovanfor vatnet. For kortare tur gå stien langs vatnet, over Vaulane, over demninga og ned grusvegen til parkeringsplass.

Elles følg stien opp Breidalen med Stavalifjedlet (511m) på høgre sida, over reset og nedover med Budalsvatnet lenger nede til høgre. I stikryss ovanfor Hovtrongsvatnet ta til venstre, og igjen til venstre ved Ravatnet. Følg stien langs Ravasslio til stikryss ovanfor Tysevatnet, ta til høgre i stikrysset og gå over Vaulane, over demninga, og ned grusveg til parkeringsplass.

Kilde: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

0

Fjelltur Lundsseter - Tysebotnen - Ravatnet

Sider du nylig har besøkt