Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Sykkylven

Fjelltur på Fagrefjellet i Sykkylven

Ein tur på Fagrefjellet (425 moh.) er å anbefale då det er ein lett tur som passar dei aller fleste (grøn tur). Den er tilrettelagt med gruslagt sti og er lett framkommeleg.

Dette er ein tur som passar for alle aldersgrupper, enkel- og lett framkommeleg, du kan anten bruke skogsstien eller ein tilrettelagt grussti. Benkar er sett ut langs grusstien. Du får ei flott utsikt over fjell, fjord og øyar ute i havgapet når du når toppen 425 moh.

Ruteskildring

Følg vegen mot Ramstaddal, køyr framover Dalevegen til eit kryss som viser Haugsetvegen. Deretter følgjer du skiltet til Statnett, når du kjem opp på flata er der ein parkeringsplass på høgre side av vegen, her startar grusstien. Går du i frå parkeringa oppe ved Statnett er der laga ein fin grussti heile vegen opp. Du kan og velje å parkere lenger nede, der står det eit skilt der naturstien startar på høgre side av vegen, stien er godt synleg heile vegen opp. Det kan av og til vere litt vått sidan der er ein del myr, men med gode sko går det fint.

Kilde: Ålesund & Sunnmøre

0

Fjelltur på Fagrefjellet i Sykkylven

Sider du nylig har besøkt