Sykkylven
Fjelltur på Stavekollen i Sykkylven

Autumn
Easy
Spring
Summer
Glacier hiking
Ein fjelltur på Stavekollen (637 moh.) i nydeleg natur er å anbefale. Du vert belønna med ei fantastisk utsikt over Sykkylven når du når toppen.
Stavekollen er naturopplevelse av dei sjeldne. Når du kjem til toppen får du ei fantastisk utsikt over store delar av Sykkylven, fjorden og øyane ute i havgapet. Dette er ein moderat krevande tur i variert terreng (blå tur). Turen startar i Grautåsen, følg deretter skiltet som går til Kalddalen, når du kjem fram til vatnet følg skiltet til Stavekollen.
Ruteskildring
Turen startar på toppen av byggjefeltet Grautåsen på Ikornnes, for å kome dit følg du FV 60 frå sentrum, tek til høgre når du kjem til Sykkylvsbrua, tek til venstre i rundkøyringa, for deretter å ta til høgre opp til byggjefeltet på Ikornnes, følg vegen til endes. Her er mogelegheit for parkering.
Første delen av vegen er grusveg, deretter viser det eit skilt til Kalddalsstølen der går det over til sti. Når du kjem fram til Kalddalsstølen vil du finne eit skilt som viser kvar stien byrjar vidare opp til Stavekollen, det er jamt bratt oppover til du kjem til toppen. Den oppmerka turstien viser vidare veg til utsiktspunktet. Referanse: ut.no
Last updated: 09/12/2023
Source: Ålesund & Sunnmøre
Fjelltur på Stavekollen i Sykkylven