Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
VÆRLANDET
TripAdvisor rating of 5

8

Fjelltur til Alden - den norske hest

Ein fjelltur til toppen av øya Alden i Askvoll byr på fantastisk panoramautsikt. Alden er 481 meter høgt og synleg meir enn 100 km til havs.

481 meter høgt og synleg meir enn 100 km til havs er Alden eit av dei mest markante seglingsmerka på vestlandet. Frå toppen har du fantastisk utsikt i alle retningar! Fjellturen til Alden er ein fin familietur for fjellvandte barn.

Kor ligg Alden?

Alden er ei øy i Askvoll kommune, og er forma som ein hest. Øya ligg mellom øysamfunna Værlandet og Bulandet, og Atløy.

Korleis komme seg til Alden?

For å komme seg til Alden må ein ta ferje frå Askvoll eller Fure i Fjaler til Værlandet. Frå Værlandet må du bestille privat skyssbåt til Alden. Ta kontakt med Alaria AS v/ Audun Oddekalv på 48132779, eller Gry Leite på 90551334 for å tinge skyssbåt. Turen frå Værlandet - Alden kostar rundt 200 - 250 kr.

Fartsfylt båttur til Alden frå Askvoll sentrum

Ønskjer du ei meir fartfylt transport kan du bli med RIB Askvoll på RIB-tur til Alden. Båtturen tar 20 minutt ut, og du vil ha 3 timar til å utforske øya Alden før du blir henta igjen. Turen vil kun gå i sesong frå vår til haust. For meir informasjon om turen, klikk her

Korleis komme seg til Askvoll

Du kjem enkelt til Askvoll med ekspressbåt frå Bergen eller Nordfjord. Sjå en-tur.no for rutetider.

Reise til Alden med eige båt

Det er fullt mogleg å reise til Alden med eige båt. Sjå sjøkartet for navigering til øya Alden. På øya finn du ein gjestebrygge som du kan nytte deg av medan du bestig fjellet.

Sesong for turen til Alden

Om vinteren er Alden dekt i snø, og det er difor anbefalt å ta turen opp på fjellet i perioden februar / mars - oktober / november. Sesongen avhenger av kvar tid det vil komme snø og is på fjellet.

Turbeskriving opp Alden

Turen startar frå hamna. Frå der går du opp til garden der det står skilta mot toppen. Stien er ikkje merka, men den er lett å finne. Ein tek straks til på oppstigninga, og vinn raskt høgdemeter. Stien er smal, men godt synleg heile vegen opp.


Ved om lag 300 meter over havet kjem ein opp på platået, og terrenget flatar noko ut. Vidare mot aust og opp til Instenova, den austlege toppen, er det lett å gå. Her får ein flott utsikt i alle retningar!

Turterrenget

Sjølv om oppstininga er bratt dei første 300 meterane, er turen opp overkommeleg for dei som er vandt med å gå i terrenget. Turen tek om lag 3 timar tur/retur. Stien er god, men kan ved enkelte parti vere steinlagt med laus stein. Ein bør difor gå forsiktig i desse partia. Treng treng du å ta ein pust i bakken kan ein berre sette seg ned og nyte utsikten som er upåklageleg frå første stund.

Frå Instenova til Ystenova

For å få endå betrre utsikt til havet og øyane i vest bør du ta turen bort til den vestlege toppen Ystenova. I vest ser du dei små øysamfunna like ved storhavet, medan du i nord og aust har utsikt til majestetiske fjelltoppar og fjordar. Heilt i nord kan du til og med sjå Gjegnalundbreen og Ålfotbreen - Norges vestlegaste isbrear!

Telttur på Alden

Ein fin sommartur er å ta overnattingstur på Alden og få med deg sola som går ned i havet i vest, og ein tidleg soloppgang i aust. Betre utsikt får du ikkje!



Kilde: Visit FjordKysten

0

Fjelltur til Alden - den norske hest

Sider du nylig har besøkt