Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Sykkylven

Fjelltur til Borgundkollen i Sykkylven

Borgundkollen (782 moh) er ein flott fjelltur med fin sti heilt opp til toppen. Du får ei fantastisk fin utsikt over fjell og fjord.

Borgundkollen (782 moh) er ein flott og populær fjelltur, det er variert terreng oppover fjellsida. Nydeleg utsikt over fjell, fjord og øyar får du når du kjem til toppen. Dette er ein middels krevjande tur (blå tur).

Ruteskildring

Denne turen har to startpunkt, du kan anten velje å gå frå Heiane på Grebstad setra. Du følg vegen mot Ramstaddal, køyrer framover Dalevegen, deretter tek du av til Haugset, køyrer 50 m og tek til venstre mot Aurdals vegen, køyrer eit lite stykke for deretter å ta til høgre opp mot Sunndalen, så er det berre å følgje vegen til Statnett. Her er det mogelegheit for parkering.

Første del av turen er opent terreng. Stien er godt tråkka, slik at den er enkel å finne. Etter ei stund kjem det eit lite parti med skog, når du kjem ut av skogen er det berre å følgje ryggen oppover på god sti, det er jamn stigning heilt til toppen. På denne turen er det litt myr i byrjinga, så gode sko er å anbefale.

Dersom du vel å gå frå Vikedalen, følg du FV 60, tek av i krysset til Circle K, køyrer 50 m for deretter å ta til venstre opp Vikedalen. Følg vegen rett fram til du kjem til ei grind, der startar grusvegen den følg du til endes. Det er eit godt stykke å gå innover mot Gimsdalen som er utgangspunktet for der turen startar. Når du kjem fram til Gimsdalssetra som ligg til venstre følg du vegen oppover sida der byrjar stien opp til Borgundkollen, den kan vere litt vanskeleg å tyde nokre plassar.

Last updated: 01/29/2024

Source: Ålesund & Sunnmøre

Fjelltur til Borgundkollen i Sykkylven

Sider du nylig har besøkt