Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Volda

Fjelltur til Galten frå Mjeltebakkane

Galten (502 moh) har blitt eit populært turmål og er Sunnmøre sitt svar på Trolltunga. Det er flott utsikt særleg inn Dalsfjorden. Det er også flott å gå vidare til Kornbergveten.

Ruteskildring

Frå start går du på skogsveg i knapt 1 km. Like etter ein skarp sving kjem du inn på sti, og du følger denne oppover til du kjem inn på ein tydeleg sti som kjem frå Folkestadsætra. Følg denne stien vidare vestover til du kjem til Galten. Galten er eit utspring som det er populært å bli fotografert på.

Det er flott utsikt mot Volda, inn Austefjorden og ikkje minst inn Dalsfjorden

Tilkomst og parkering

Like etter fergekaia på Folkestad tek du av til Lauvstad på Dalsfjordvegen. Ta av til venstre ved Coop, nesten 180° (Råsa). Følg vegen vidare, utan å ta av sidevegar, i retning Folkestadsætra. Det er bomveg. Her er det ei turtavle over området. Køyr omlag 1 km vidare etter "bompengestasjonen". Det er eit dyrkafelt på venstre side av vegen. Turen startar på høgre side. Det er mulig å parkere der turen startar; pass på så du ikkje står i vegen for andre

Kilde: Ålesund & Sunnmøre

0

Fjelltur til Galten frå Mjeltebakkane

Sider du nylig har besøkt