Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Dale i Sunnfjord

Fjelltur til Heileberget (Fløgen)

Ved mektige Dalsfjorden ligg den imponerande fjellturen Heileberget, også kallag Fløgen. Frå 761 høgdemeter får du storslått utsikt og mektige naturopplevingar

Heileberget er ein populær topptur med fantastisk utsikt over Dalsfjorden og øyane i vest. Her kan du nyte flott utsikt 761 meter over havet.

Kvar ligg fjellturen Heileberget, Fløgen?

Den mektige fjellturen ligg rett over Dalsfjordbrua som koplar Askvoll og Fjaler saman.

Korleis komme seg til Heileberget, Fløgen? Med utgangspunkt frå Bergen

Frå Bergen køyrer du E39 mot Ålesund. Etter ferga frå Oppedal til Lavik tar du av på Fylkeveg 607 mot Dale i Sunnfjord. Køyr over Dalsfjordbrua. Rett før du kjem til tunnelen på andre sida svingar du av på parkeringsplassen på din høgre side. Det tek om lag 3,5 time frå Bergen til Dale. Det er også mogleg å nytte seg av ekspressbåten som har daglege avgangar frå Bergen til Askvoll. Frå Askvoll kan du leige sykkel som tar deg til Heileberget.

Med utgangspunkt frå Måløy

Køyr via Fv614 til ferja Måløy - Oldeide. Etter ferja køyrer du mot Førde, vidare mot Askvoll og Dale. Det tek om lag 3,5 time frå Måløy til Dale.

Sesong for turen til Heileberget

Sesongen for fjellturen er frå mars til november når det ikkje er snø og is.

Turbeskriving opp Heileberget

Når du har parkert på Otterstein, på Askvoll-sida av Dalsfjordbrua finn du merka tursti like ved. Stien opp til Heileberget er godt merke. Den har ein jamn, hard stigning med nokon brattare parti, men det er ingen behov for klatring på vegen opp.

Turen er relativ krevande, men det er ingen klatring.

Kilde: Visit FjordKysten

0

Fjelltur til Heileberget (Fløgen)

Sider du nylig har besøkt