Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Måløy

Fjelltur til Hestetinden i Måløy

Vandre til Hestetinden, også kalla Hesten som ligg 330 meter over havet. Her blir du belønna med vakker utsikt

Ein tur til Hestetinden, også kalla "Hesten" er ein fin tur for heile familien.

Kor ligg Hestetinden

Hestetinden ligg vest for Vågsvåg og byr på vakker utsikt til Einevarden og bygda Kvalheim. Mot aust kan du skimte øya Vågsøys høgste fjell Veten, og vidare mot Hornelen og Vågsfjorden. Mot sør ser du Husevåg og Bremanger, og i vest ligg Klovningen.

Korleis kjem ein seg til Hestetinden?

Turen startar i Vågsvåg. Du kan ta lokal transport som tar deg om lag 2 km frå startstad, eller så kan du parkere like ved. Her er det parkering mot avgift.

Frå moloen i Vågsvåg følger du stien som tar deg til topps. Stien følger ein gamal veg før den etter om lag 200 meter går oppover i fjellet. Her må du rekne med nokre glatte svaberg. Turen er godt merka, og passar for heile familien. Noken luftige parti på vegen opp. På toppen vert du belønna med vakker utsikt mot havet. Turen er også perfekt om du ønskjer å gå med solnedgang i vest.

Sesong for turen til Hestetinden

Det er muleg å gå turen opp til Hestetinden heile året. I regntunge periodar må du rekne med nokre våte parti. Det kan også vere noken glatte svaberg året rundt.

Turterreng

Turen går stort sett i ulendt terreng.

Kilde: Visit FjordKysten

0

Fjelltur til Hestetinden i Måløy

Sider du nylig har besøkt