Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Fjelltur til Kinnaklova på øya Kinn

Vandre opp til Kinnaklova på øya Kinn og få storslått utsikt over havet og dei omkringliggande øyane.

Bli bergtatt av øya, historia, mellomalderkyrkja og den berømte Kinnaklova som også er eit kjend seglingsmerke langs skipsleia.

Kvar ligg Kinnaklova?

Kinnaklova ligg på øya Kinn utanfor Florø i Kinn kommune. Øya er om lag 2,5 km2 og har sitt høgaste punkt på 315 moh. Øya er utan vanleg bilveg.

Korleis komme seg til Kinnaklova?

Den lokale skyssbåten går frå Fugleskjærskaia i Florø og ut til øyane i Florø kvar dag. Det er totalt fem båtruter som går ut til Kinn kvar dag, måndag til fredag. Laurdag og søndag går det to båtruter. Les meir om rutetider frå Florø til Kinn her.

Reise til Kinn med eige båt

Det er ei lita flytebrygge kvar du kan legge til med eige båt. Prisen er 100,- pr. 4 time og 200,- pr. døgn. Du kan ligge gratis ved steinkaia, men ikkje slik at du ligg i vegen for rutebåt og ambulansebåt.

Sesong for fjellturen til Kinnaklova

Om vinteren kan Kinnaklova vere dekt med is eller snø, og det er difor anbefalt å ta turen opp på fjellet i perioden det ikkje er snø eller is. Sesong for turen kan difor variere, men vert satt om lag kring februar / mars - oktober / november.

Turbeskriving til Kinnaklova

Turen til Kinnaklova startar frå rutebåtkaia på øya Kinn. Frå kaia tek du til høgre og følger den 1 km. grusbelagte traktorvegen til Kinnakyrkja. Turen frå kaia til kyrkja tek om lag 20 minutt i roleg gange.

Frå kyrkja går du forbi eit gjerde mot den ruvande Kinnaklova. Ønskjer du å gå opp i skaret mellom dei to klovane må ein ha gode sko og god tid. Her er det mykje lause steinar i eit bratt terreng. Midt i klova går stien noko til høgre slik at det er lettare å gå. Her er flott å sjå Kinnakyrkja i aust og havet i vest.

Rundt Kinnaklova

Ønskjer du å gå ned ein anna veg kan du gå ned på vestsida. Det er tydeleg sti med litt lausmasse av grus og stein. Vel nede kan du gå på nordsida av øya (Nordre Stauren) som også er den vanlegaste og beste å gå. Stien går langs svaberg, lyng og gras. Her er fin utsikt til Ytterøyane fyr. Siste stykket, før ein kjem inn att på den gode stien som går til Kinnakyrkja kan vere vått. Frå her kan du enten velge å gå tilbake til kyrkja og følge grusvegen tilbake til båten, eller gå rundt øya via Høgskaret.

Høgskaret

Høgskaret ligg på venstre side av Kinnaklova. Det er noko bratt terreng opp og ned Høgskaret. Frå kyrka og rundt øya tilbake til kaia er det om lag 3 km. Ein bør difor rekne om lag 2 timar i gangtid.

Inste Stauren

Inste Stauren er den høgste toppen på Kinnaklova. Her bør ein rekne ekstra god tid då stien er bratt. Frå toppen har du storslått utsikt. Stien opp til Inste Stauren er merka.

Last updated: 02/08/2024

Source: Visit FjordKysten

Fjelltur til Kinnaklova på øya Kinn

Sider du nylig har besøkt