Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
BYGSTAD

Fjelltur til Storehesten

Storehesten
Fjelltur til Storehesten
Storehesten
Storehesten
Storehesten

Storehesten, også kalla Kvamshesten ligg 1209 moh og er det mest majestetiske fjellet i Sunnfjord. Denne turen vil du ikkje angre, utsikta er slåande vakker!

Storehesten ligg mellom Førdefjorden og Dalsfjorden, og saman med Lisjehesten lenger aust og Blegja i vest dannar dette fjellmassivet ein 360 millionar år gammal devonavsetning eller konglomerat- og sandstein.

Storslått utsikt 1209 meter over havet

Frå toppen av Storehesten kan ein sjå vest i havet, nord til Ålfotbreeen, austover til Jostedalsbreen og sørover til fjella kring Bergen. For Bygstad eller bygda som ligg under Storehesten i sør, har fjellet alltid prega det daglege livet, alt frå vardebrenning i vikingtid til beite, jakt og turgåing og fjellklatring i nyare tid.

Godt merka sti

Vandrerute frå Bygstad til fjelltoppen er godt merka med Turistforeningen sine raude T-ar. Det er godt skilta til parkering frå sentrum i Bygstad. Frå parkering på 400 moh til toppen bør ein rekne om lag tre timar roleg vandring.

Turen er 11 km lang og har ein høgdeskilnad på 780 meter. Stien er god, med stigning heile vegen, gode sko er viktig.

Kilde: Visit FjordKysten

Fjelltur til Storehesten

Sider du nylig har besøkt