Fjelltur Vad - Fjellstova - Vad

Fin fjelltur i skogs- og fjellterreng.
Flott fjelltur Vad - Fjellstova - Vad
Høgde70 - 220 moh.
Estimert tid3 timar.
TurkartStord/Fitjar
StartpunktVed Vad- elvo, rett før garden Vad.
ParkeringKjør ned til elva, parkering rett før brua. Infotavle ved P-plass, skilta og merka.
GraderingMiddels, blå
StartVed Vad- elvo, rett før garden Vad. Ta av frå E39 mot Lundsseter ca. 800m nord for Ådland bru. Følg denne 2 km og ta til venstre inn til Vad.
TuromtaleFølg vegen over elva, forbi garden ca. 100 m. Gå gjennom grinda til venstre og følg skogsvegen opp og over til Vatnadalen. Opp gjennom dalen til eit lite murhus, til høgre på sti opp liane. Følg vegen til neste kryss, her tek du stien rett fram til Fjellstova. På returen tek du same stien, men i fyrste stikryss tek du til venstre mot Hauglandskvedno. I liane her er det ein del gamal barlind. Hauglandskvedno er ei gamal gardskvern restaurert av Lions og Sunnhordland Folkemuseum. Frå Kvedno følgjer ein skogsvegen ned att til Vad.
Kilde: Region Sunnhordland
Fjelltur Vad - Fjellstova - Vad