Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Sogndal

Fjord Cruise Balestrand - Fjærland one way

Bestill

Fjord Cruise frå nydelege kunstnarbygda Balestrand innover majestetiske Fjærlandsfjorden om bord i MS Fjord Lady der du går i land i Fjærland  

Fjærlandsfjorden er vakker og majestetisk, omkransa av snøkledde fjelltoppar. Fjorden har ein lys grønfarge på grunn av alt smeltevatnet som renn ut i fjorden. Båtturen er ei fantastisk oppleving frå kunstbygda Balestrand gjennom det vakre fjordlandskapet og nesten heilt fram til Jostedalsbreen.

Når du kjem i land i Fjærland er ingenting finere enn å vandre rundt i sentrum og ta ein tur innom Bokbyen. I heile sentrum, både inne og ute er det satt opp stabler med brukte bøker som du kan kjøpe med deg. 

Sauna

Er du klar for eit bad i den mektige Sognefjorden? Etter ein dupp i fjorden er det ekstremt deilig å gå inn i Dampen Sauna som ligg nede ved kaien i Fjærland. 

Ein fin spasertur frå sentrum kjem du til Bøyum Camping der dei har varme rettar som du kan kjøpe. Slapp av og nyt utsikta. Kort veg frå Bøyum Camping kan du spasere inn på Norsk Bremuseum der du ikkje må gå glipp av panoramafilmen om Jostealsbreen Nasjonalpark. På Bremuseet kan du utføre dine eigne eksperiment med 1000 år gamal is frå Supphellebreen.

Overnatting? Ynskjer du å overnatte i Fjærland kan du bu på Bøyum Camping eller Fjærland Fjordstove Hotel

Når går båten? 

Avreise Balestrand: 12:10

Annkomst Fjærland: 13:25


Pris: 590 NOK


 

Kilde: Visit Sognefjord AS

0

Fjord Cruise Balestrand - Fjærland one way

Bestill

Sider du nylig har besøkt