Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Sognefjorden Balestrand

Fjord cruise Fjærlandsfjord

  • +47 57 63 14 00
  •  /  km From You
Overview
Details

Opplev den einaste fjorden i verda som lar deg oppleva både fjord- og brelandskap.

Den smale og vakre Fjærlandsfjorden er omkransa av bratte, skogkledde lier, og strekkjer seg heilt inn mot den majestetiske Jostedalsbreen. Fjordvatnet her har ofte ein nydeleg, lysegrøn farge pga. breelvane som renn ut i fjorden. I Fjærland, inst i fjorden, ligg Norsk Bremuseum og Den norske bokbyen. Herifrå er det kort veg til Supphellebreen og Bøyabreen, som begge høyrer til Jostedalsbreen.

Fjorden var lenge den einaste vegen til Fjærland, men i dag knyter riksveg 5 bygda saman med både Sogndal og Skei/Førde. Frå den populære rasteplassen på Berge i Fjærland har du vidt utsyn over Fjærlandsfjorden.

Det går passasjerbåt på fjorden frå 1.juni til 31. august, slik at dei reisande skal få oppleve dette vakre fjordlandskapet. Store deler av den 27 km lange Fjærlandsfjorden er utan vegsamband, og fleire stader langs fjorden ligg idylliske, fråflytta grender og gardar.

Start frå Balestrand eller Fjærland. Fjærlandsfjorden er vakker og majestetisk, omkransa av snøkledde fjelltoppar. Fjorden har ein lys grønfarge på grunn av alt smeltevatnet som renn ut i fjorden. Båtturen er ei fantastisk oppleving frå kunstbygda Balestrand gjennom det vakre fjordlandskapet og nesten heilt fram til Jostedalsbreen. Frå Fjærland går det buss til Norsk Bremuseum og til foten av sjølve breen. Me anbefalar eit lengre opphald i Fjærland for å nyta naturen og besøkja Den norske Bokbyen. Retur til Balestrand/Fjærland på ettermiddagen med båt.

Bestill billett til Fjord cruise Fjærlandsfjord her: www.visitflam.com/se-og-gjore1/aktiviteter/fjarlandscruise/

 

Web: www.visitflam.com Facebook: www.facebook.com/visitflam Instagram: https://www.instagram.com/visitflam/  Hashtag photos: #visitflam


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS

Generelt

Årstid
  • Vinter

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Sykkelturer
Sykling
  • Sykkelrute/-tur

Planlegg reisen

Tjenester
  • WiFi

Taste Norway

Lokalmat
  • Lokal mat
Restauranter og kafeer
  • Julemat
  • Skjenkebevilgning
  • Lokale matretter

Opening hours

1. jun 2017 - 31. aug 2017: man tirs ons tors fre lør søn 00:00 - 23:59
See All

Facts

Season
Summer
Click to activate
Balestrand, Norway
The latitude and longitude
61° 12' 36" N / 6° 32' 12" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad