Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Sunnhordland Kvinnherad

Fjord- og fjellturen (76 km)

  • +47 53484280
  •  /  km From You
Overview
Details

Dette er ein variert, lettsykla tur som passer godt for ein weekend. Fjell- og fjordturen er lagt opp som ein rundtur frå Rosendal, men kan og starte frå andre stader. Det kan vera best å følgje ruta den retninga me skildrar her, då stigninga over fjellet frå Omvikdalen er mindre krevjande enn frå Matre. Hardangerfjordekspressen (www.rodne.no) tek deg frå Bergen til Rosendal på under 2 timar. Kjem du kvelden før er det god tid til å oppleva baronibygda før du tek sykkelen fatt. Putballbanen, der du kan spele fotballgolf, ligg i gåavstand frå sentrum. Det same gjer Steinparken, eit vakkert område langs elva som syner steinsortar frå Folgefonna Nasjonalpark.

 

Rosendal – Omvikdalen – Matre – Skånevik: 26 km Eit besøk på det vesle slottet Baroniet Rosendal, eller Kvinnherad Kyrkje, bør du få med deg før du set deg på sykkelen. Sykkelturen over til Skånevik er ein flott etappe gjennom jordbruksbygda Omvikdalen. Frå Rosendal sentrum følg rv. 551 sørover mot Uskedalen. Etter omlag 3,5 km kjem du til Statoil i Omvikdalen. Dette er siste moglegheit for å proviantere før turen over fjellet til Matre. I Omvikdalen finst fleire museumstun, til dømes Nistovetunet med røykestove frå 1700-talet og Hauahuset (Tvedt-stova). Desse vert opna på førespurnad. Det er 2 km svak stigning opp Omvikdalen, deretter ca. 10 km jamn stigning, før det vert bratt ned til Matre. Her er utsynet utover Matrefjorden fabelaktig. Ferja over frå Matre til Skånevik tek 25 minutt. I bluesbygda Skånevik går det føre seg mange aktivitetar heile sommaren. I Skånevik er det og mange fine badeplassar, og sentrum innbyr til ein koseleg spasertur. 76 km Baroniet Rosendal Peparen, Skånevik Langturforslag 29 Ein avstikkar av ruta kan gjerast ved å sykle Skånevikstranda til Etne, ei strekning på 26 km. Moglegheit for transport tilbake til Skånevik med lokalbuss. For fottur, prøv Postvegen frå Skånevik til Etne.

 

Skånevik – Valen – Husnes – Uskedalen – Rosendal: 50 km Turen startar med ein 20 minutts ferjetur frå Skånevik til Utåker. Etappen byr på flott utsikt og nærkontakt med fjordlandskapet heile vegen. Du syklar gjennom frodige og vakre bygder og kan ta avstikkarar til mellom anna den flotte Handelandsdalen. Ved Sunde kan ein ein ta avstikkar til Halsnøy (Ranavik) eller Stord (rutetider www.norled.no). Vidare går ruta forbi Husnes, den største tettstaden i Kvinnherad. Her kan du velje om du vil køyre innom sentrum eller følgje rv. 48 forbi Opsangervatnet. Ta gjerne ein avstikkar til Herøysund (2 km), eit gammalt knutepunkt for dampskipstrafikken med husflidsalg og snikkarverkstad. I Uskedalen kan du vitje Bygdatunet Rød og Haugland skulemuseum. Tilbake i Rosendal ventar Hardangerfjordekspressen som tek deg attende til Bergen. Om ein ønskjer å sykle over til Stord eller tilbake til Bergen kan dette gjerast over Tysnes. Sykkelturen kan og kombinerast med “Skjergardsturen” eller “Nordsjøsykkelruta”. Ein kan og starte turen i Skånevik.

 

Tips!
I Rosendal: Ta ein spasertur i Steinparken, eit hyggeleg område langs elva som viser steinsortar frå Folgefonna Nasjonalpark. Baroniparken ligg og i gåavstand frå sentrum og innbyr kanskje til ein romantisk kveldstur? Eller prøv putball (fotballgolf), som er moro for små og store. I Skånevik: Opplev ”Fjordspa” hos Skånevik Fjordhotell. Sett av tid til å oppleve eit fjordcruise med Åkrafjorden Oppleving og sjå ein av dei 10 vakraste fossane i verda, Langfoss.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Utfordrende
Landskap
  • Fjellområde

Facts

Effort Level
Challenging
Landscape
Mountain area
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad