Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Skånevik

Fjordalangs mellom vakre bygder (27 km) Skånevik - Etne

Fjordalangs mellom vakre bygder (27 km) Skånevik - Etne
Fjordalangs mellom vakre bygder (27 km) Skånevik - Etne
Fjordalangs mellom vakre bygder (27 km) Skånevik - Etne

Turen startar i Skånevik, også kalla "Sunnhordlands perle", m.a. grunna sin sørlandske byggestil. Kom gjerne på vitjing til bluesfestivalen i juli. Sykkelturen mot Etne går vestover forbi Fjordhotellet og den idylliske badeholmen Peparen. Etter 700 m passerar du idrettsanlegga, 500 m seinare Leknes, der den gamle postvegen mot Etne kryssar vegen.

Dei neste 4-5 km går mellom trivelege grender i småskala kulturlandskap, før Taraldsøy kjem fram på høgre hand. Ut fjorden er der nydeleg utsikt mot Halsnøy og den karakteristiske Sydnessåto. På Ebne ser du 4 gravstøtter på jordet ved sjøen, desse er del av det største gravfeltet på Skånevikstranda. På Sandvik kan du ta ein avstikkar ned til ei stor badestrand. Utanfor Børkjenesklubben møtest Ølensfjorden og Etnefjorden, og her vender du nasen austover mot Etne.

Etter nokre svingar kjem du til Svindal og Holmaseid. Nordstranda stiger bratt opp frå vegen, riktig stupbratt blir det ved Dysjanes. Neset er ein mykje brukt fiskeplass. Du nærmar deg Etne, og ved Fjøsnaneset ser du over mot industriområdet Tongane. Ved gamle Enge skule tek du til høgre over Etneelva. Inn mot sentrum passerar du SKAKKEsenteret, bygdas kulturelle storstove, sjekk gjerne kinoprogrammet. Du finn fleire spise- og overnattingsstader i Etne, der du kan slappe av etter sykkelturen.

Turistinformasjonen er på Fugl Fønix hotel.

Vanskegrad

Middels

Lengde

27 km

Underlag

Asfalt

Maks. høgde:

70 m

Kilde: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Fjordalangs mellom vakre bygder (27 km) Skånevik - Etne

Sider du nylig har besøkt