Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Vassenden

Fjordamattunet

  • +47 57727143
  •  /  km From You
Overview

Matopplevingar, kurs og måltid


I bakstehuset i Støfringsdalen i Jølster får de matopplevingar, matkurs og måltid. Bakstehuset er ein møteplass for vener, familie, organisasjonar, kollegaer, bedrifter eller grupper. Ein stad der de kan møtast for å lære, oppleve og nyte.

Kari er bonde/husmor og utdanna faglærar i husstell frå Stabekk med lang erfaring som kurs- og foredragshaldar om mat og tradisjonar. Kari er ein av forfattarane av Fjordamat -  kokeboka for Sogn og Fjordane, Alle tiders Fjordamat – til høgtider og merkedagar og Ta kaka. I 2008 kom også boka Fjordamat, som er ei revidert utgåve av det beste i dei to Fjordamatbøkene.


Bakstehuset, som kurslokalet vert kalla, er laga til i mjølkerommet og grisehuset i den gamle fjøsbygningen som står i tunet. Rett bak bakstehuset ligg åkeren der det vart dyrka bygg på garden fram til rett etter andre verdskrig. I bygget er det mura ein ny vedfyrt bakaromn der ein kan steikje 24 brød samstundes, og det er laga til eit moderne kjøkken. I tillegg er det langbord, som kan nyttast til baking eller felles måltid. Lokalet kan romme opp til 35 personar, men aktiviteten vil bestemme kor mange ein kan vere.

Om vi tek heile løa i bruk kan vi ha større arrangement, og sommarstid har familien brukt den til bryllaup og bursdagsfeiring. Løa vert også nytta som konsertarena, mellom anna under Førdefestivalen i juli.


Bestill kurs ved å ringe 95146531, 57727143 eller sende e-post til kari@fjordamattunet.no.

Sjå heimesida www.fjordamattunet.no  for meir informasjon.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS
Click to activate
Jølster, Norway
The latitude and longitude
61° 29' 8" N / 6° 3' 11" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad