Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Vik

Fjordcruise Bergen - Vik

Bestill
Norled
Hopperstad Stavkyrkje
Fjordbygda Vik
Fjordbygda Vik
Hove Steinkyrkje

Opplev hurtigbåt tur/retur Bergen - Vik med Norled.

Opplev Fjordcruise frå Bergen Strandkaiterminal til fjordbygda Vik i Sognefjorden

Kvar dag heile året går hurtigbåten til Norled frå Bergen og innover Sognefjorden til fjordbygda Vik. Turen tek i underkant av 4 timer frå storby til bygd. 

Sognefjorden er Kongen av Fjordane og ligg midt i Fjord Norge og heilt inn til foten av Jotunheimen og Jostedalen Nasjonalpark. 

Undervegs på turen frå Bergen til Vik kan du kjøpe både varme og kalde rettar samt noko å drikke. Ta turen ut på dekk og nyt utsikta til fjord, fjell, ville fossefall og dyreliv. 

Klikk her og bestill din tur i dag

Når går båten frå Bergen til Vik og retur frå Vik til Bergen?

Sjå rutetider her på vinterruta som går frå november til ut mars. 

Sjå rutetider her for sommarruta som går frå 1. april til ut oktober. 

Dette er ein passasjerbåt og tek ikkje bilar. 

Oppleve fjordbygda Vik

Utforsk Hopperstad Stavkyrkje, Hove Steinkyrkje og Gamalosten i Vik med guida turar frå Sylvringen eller du kan gjere dette på eiga hand. I Vik sentrum kan du overnatte på Blix Hotell, Vik Camping eller Gamle Trevaren, men du kan også overnatte i den vetle bygda Arnafjorden eller utover mot Vangsnes der du finn Djuvik Camping eller Tveit Camping. Vidare mor Fresvik og Feios finner du Alm Gard og Holmen Gard. 


Ynskjer du å ta båten frå Vik til dei andre fjordbydene kan du klikke deg inn her: 

Klikk her for å bestille billett frå Vik - Sogndal

Kilde: Visit Sognefjord AS

Fjordcruise Bergen - Vik

Bestill

Sider du nylig har besøkt