Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

HELLESYLT

Fjordkajakk Øye

Book

Ta hurtigbåten fra Ålesund til Øye og bli med fjord kajakk.

Ved bruk av våre fantastiske fjordkajakkar tar vi deg med på eit eventyr frå Øye og ut i Hjørundfjorden. La deg inspirere av dei berømte fjella Slogen og Saksa, kom tett på naturen, opplev dyrelivet og drøm deg vekk i denne skjulte perla av Sunnmørsk natur.

Dette er ein lavterskel tur som passer for så å sei alle. Så lenge ein er svømmedyktig, og kan reise seg opp å ned, så kan ein bli med på guida fjord padling. Våre kajakker er spesialdesigna for å bruke på guida turar og padling i fjorden, og godt egna for nybegynnere som aldri har padla kajakk før. Derfor kan vi garantere at ein både kan føle seg trygg og komfortabel på våre guida turar.

Vi startar rett ved hurtigbåtkaia på Øye. Her blir vi kjent og får utdelt det utstyret ein treng. 

Vi er på fjorden i om lag 3 timar. Første delen av turen blir vi kjent med kajakkane og litt padleteknikk. Vidare blir det fotostopp langs den frodige vegetasjonen og majestetiske fjella. Dei brusande fossane gir også flotte fotomotiv og tid til begeistring. Guiden vil fortelle om det dramatiske livet som har vore langs fjorden, og korleis denne fjorden for 200 år siden var starten på det vi i dag kallar cruiseturisme her i Norge.

 

Inkludert

-Kajakk, åre og vest

-Sikkerhetsbrief

-Personlig oppfølging

Last updated: 01/29/2024

Source: Ålesund & Sunnmøre

Fjordkajakk Øye

Book

Sider du nylig har besøkt