Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

SØRBØVÅG

Fjordkick - Kajakk

Book

Oppdag Hyllestad og Åfjorden frå kajakken. Her kjem du tett på naturen på ein måte du elles kanskje ikkje opplever. Velkommen til ei padleoppleving av dei sjeldne!

Sørbøvåg er ei vakker vestlandsbygd ved innløpet til den verdsberømte Sognefjorden. Her ligg Fjordkick med panoramautsikt over Åfjorden og majestetiske Lihesten. Oppdag Hyllestad og Åfjorden frå kajakken. Ta deg ein tur mellom hundrevis av holmar og skjer, langs hav og fjord. Padling passar dei aller fleste, gamal som ung, og du kjem tett på naturen på ein måte du ellers kanskje ikkje opplev. 

Fjordkick feriehus har fleire kajakkar tilgjengelig for utleige. Via Fjordkick sine samarbeidspartnare arrangerar dei padlekurs med alt frå grunnkurs for nybegynnere, til eskimorulle og vidaregåande kurs. Sjå gjerne nettsida for fleire detaljar: www.fjordkick.no/padling/

Velkommen til ei padleoppleving av dei sjeldne! 

Last updated: 01/29/2024

Source: Visit FjordKysten

Fjordkick - Kajakk

Book

Sider du nylig har besøkt