VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
close
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland ASKVOLL

FjordLagunen Camping og Marina

  • Vårdalsneset, Askvoll
  • +47 41552350
  •  /  km From You
Overview

FjordLagunen ligg vakkert og lunt til i sjøkanten på nordsida av Dalsfjorden, 7 km frå Askvoll. På det 160 mål store området kan du nyte det opne landskapet med panoramautsikt over fjorden og fjella i bakgrunnen. Her finn du ei eiga sandstrand på over 400 meter, og lagune. Området er barnevenleg og tilrettelagt for alle aldersgrupper. 

FjordLagunen ligg vakkert og lunt til i sjøkanten på nordsida av Dalsfjorden, 7 km frå Askvoll. På det 160 mål store området kan du nyte det opne landskapet med panoramautsikt over fjorden og fjella i bakgrunnen. Her finn du ei eiga sandstrand på over 400 meter, og lagune. Området er barnevenleg og tilrettelagt for alle aldersgrupper. 

Camping- og bubil

Camping- og bubilplassar ved FjordLagunen ligg lunt til på Vårdalsneset ved vakre Dalsfjorden. Her kan du leige glampingtelt, og du finn gode campingsplassar for telt, bubil og campingvogner. Campingplassen har plass til 35 vogner og ligg fint og lunt til med utsikt mot lagunen og fjorden. 

Smedhuset Kafe

Det 250 år gamle Smedhuset gir deg ei ekte oppleving. Nyt ein lett lunsj eller berre ein god kopp kaffi og ein vaffel, medan du let roen og den gode atmosfæren på FjordLagunen synke inn over deg. På grunn av covid-19 restriksjonar er det no kun take away på Smedhuset.

Verket Pub

Verket Pub ligg i historiske industriomgjevnader på det tidlegare teglverket i Vårdal. Puben ligg vakkert til ved Dalsfjorden, og har eiga djupvannskai. Bygget, som ein gong var eit bakeri, er restaurert med gjenbruk av stein frå det gamle teglesteinsverket.

I 1. etg finn du ein tradisjonell pub innreia med trebord og trestolar, samt peisovn. I 2. etg. er det intimscene og småbord med sofaer og lenestolar, og plass til å svinge seg. Scena ute har plass til større band for utekonsertar og dans.

Verket Pub byr på tradisjonelle pubkveldar, intimkonsertar, marknad, quiz, bryggjedans mm. Du kan leige Verket Pub til f.eks. bryllaup, fødselsdagsfeiringar, blåturar eller konferansar.

Sjøsportsenter

FjordLagunen byr på aktivitetar for både liten og stor. Her kan dei leike seg over og under vatn med kjekke leikeapparat. Du kan leige vannscooter, vasski, tube og banan. Prisane på leige inkluderar leige av redningsvest for alle aktivitetar på sjøen, samt våtdrakt dersom ein skal ut med båt eller vannscooter. 

Marina

I marinaen er det hamneplass til små motorbåtar og daycruisarar. Det er djupvannskai ved Verket Pub med plass til ein båt. Om du ønskjer å kjøpe eller leige båtplass er det mogleg. 


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages