HOLMEDAL
FjordLagunen Sjøsportsenter
Autumn
Guest parking
Ta turen til FjordLagunen som ligg lunt til i sjøkanten av Dalsfjorden. Her kan ein finne aktivitetar for både store og små. Rett og slett ein møteplass og eit levande miljø for alle!
FjordLagunen ligg vakkert og lunt til i sjøkanten på austsida av Dalsfjorden, 7 km frå Askvoll. På det 160 mål store området kan du nyte det opne landskapet med panoramautsikt over fjorden og fjella i bakgrunnen. Her finn du ei eiga sandstrand på over 400 meter, og lagune. Området er barnevenleg og tilrettelagt for alle aldersgrupper.
FjordLagunen byr på aktivitetar for både liten og stor. Her kan dei leike seg over og under vatn med kjekke leikeapparat. Du kan leige vannscooter, vasski, tube og banan. Prisane på leige inkluderar leige av redningsvest for alle aktivitetar på sjøen, samt våtdrakt dersom ein skal ut med båt eller vannscooter.
Kafeen er open i helgene.
Last updated: 09/11/2023
Source: Visit FjordKysten
FjordLagunen Sjøsportsenter