Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Geiranger

Fjordranger Basecamp-program hos Norsk Fjordsenter – Besøkssenter verdsarv Geirangerfjorden

Book

Bli med ein Fjordranger på ei reise i tid, lær om det vestnorske fjordlandskapet og prøv spennande aktivitetar hos Norsk Fjordsenter i Geiranger.

Fjordranger Basecamp-program er eit skreddarsydd utandørs aktivitetsprogram for interaktiv læring, utforsking og lagarbeid.

Er du nysgjerrig på fjordlandskapet og dei som bur her? Da kan du bli med Fjordrangeren vår på ei reise i tid. Sjå korleis isbreane og elvane har forma landskapet. Lær meir om mangfaldet av dyr og planter i verdsarvområdet, og om det skjøre biologiske samspelet. Gjennom lagarbeid og enkle aktivitetar er du med og byggjer din eigen, vesle fjordgard-bygning, og du får eit innblikk i korleis menneska har overlevd i dette vakre, men ville fjordlandskapet.

Last updated: 01/29/2024

Source: Ålesund & Sunnmøre

Fjordranger Basecamp-program hos Norsk Fjordsenter – Besøkssenter verdsarv Geirangerfjorden

Book

Sider du nylig har besøkt