Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Aurland

FjordSafari & Vandretur

Bestill
FjordSafari & Vandretur
FjordSafari & Vandretur
FjordSafari & Vandretur
FjordSafari & Vandretur
FjordSafari & Vandretur
FjordSafari & Vandretur

Basic FjordSafari og Vandretur til Geitestøl - bli med på eit ekte stølseventyr med utsikt over Aurlandsfjorden!

FjordSafai RIB tur med tur til Skjerdal Stølsysteri

Turen startar med ein 1 time og 45 minutter lang FjordSafari-båttur inn i den UNESCO verdsarvlista Aurlandsfjorden, og fortsetter heile vegen inn til Bakka, ei lita grend plassert ved den smalaste, naturskjønne strekninga av Næøyfjorden. På veg tilbake stoppar båten ved kaien i Skjerdal der turen startar opp mot Skjerdal Stølsysteri og Kafe. På toppen kan du slappe av på terrassen, nyta geitost smaking og ein god lunsj laga av lokale råvarer med ein fantastisk utsikt over fjorden. Turen går  ned igjen til gardstunet i Skjerdal og returnerer til Flåm med bil.

Me brukar opne RIB båtar med maksimum 12 gjestar for å garantera deg ein personleg oppleving, og gi deg moglegheita til å koma tett på dei små bygdene og fossane langs fjorden. Nyt den fantastiske naturen og historiene fortalt av din personlege guide. 

Viktig informasjon

Lengde: 5 -6 timar

Sesong: Juli – August

Aldersgrense: Anbefalt frå 6 år

Vanskelighetsgrad: Moderat

Ein bør vera i god fysisk form for å gå opp bakkane. FjordSafari Norway anbefalar ikkje turen dersom du har problem med rygg eller kne. Denne turen er for dei som ynskjer ein aktiv tur og oppleving. Guidane forsørgjar med nødvendig utstyr for at du skal ha ein trygg og komfortabel tur på fjorden.

Det inkluderer ei flytedrakt, redningsvest, lue, vottar og skibriller. Guidane anbefaler alle å kle seg etter vær og temperatur, og ha lukka sko.

Kilde: Visit Sognefjord AS

FjordSafari & Vandretur

Bestill

Sider du nylig har besøkt