Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Sogndal

Fjordstien Sogndal

Fjordstien i Sogndal går frå Loftesnes, langsmed fjorden og bort til Hagelin og er 1,5 km lang. Fjordstien opnar opp for mjuke trafikantar og knyter delar av bygda tettare saman.

No kan du spasere, sykle, jogge gjennom Sogndal med vakker fjordutsikt til Sognefjorden og lyden av bølgjeskvulp langs ruta. Langs stien er det sett opp fleire benkar der det er fint å sitte, leikestasjonar og treningsapparater. Fjordstien byr på spennande kontrastar der gamle naust og trehus står side om side med det nye.

Eit av hovudmåla med fjordstien har vore å opne bygda opp mot fjorden.

Last updated: 02/11/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Fjordstien Sogndal

Sider du nylig har besøkt