Fjordstova Badebasseng, Skjolden
Fjordstova i Skjolden - der fjord møter fjell - er ein møteplass både sommar og vinter for alle som bur her eller vitjar bygda.
Fjordstova er eit fleirbrukshus med kafe, basseng, klatrevegg, bibliotek, treningsrom, solarium , skytebane, saamfunnssal, møterom, husflidsutsal. Turistinformasjon har salg av fiskekort og formidar utleige av kajakk og syklar. Sal av turkart for fotturar og sykkelturar.
SYMJEBASSENG 12,5 m x 6 m, i tillegg til barnebasseng. Djupn 1,5 meter. 28 grader i vatn, 30 i luft. Garderobar og WC. Barn opp til 10 år må bada saman med vaksne. Vi har ikkje badevakt. Sal av billettar i kafeen, dagbillett eller årskort. Skjolden Hotel sine gjester nyttar bassenget som dei vil heile dagen. Spør hotellbetjeninga om nøkkel.
Velkommen til svømmebasseng med utsikt til Lustrafjorden!
- Høst
- Vår
- Sommer
- Vinter
Kilde: Visit Sognefjord AS
Fjordstova Badebasseng, Skjolden