Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Luster

Fjordstova, Skjolden

Fjordstova, Skjolden
Fjordstova Skjolden
Fjordstova, Skjolden
Fjordstova, Skjolden
Fjordstova Skjolden
Fjordstova Skjolden
Fjordstova Skjolden

Fjordstova i Skjolden - der fjord møter fjell - er ein møteplass både sommar og vinter for alle som bur her eller vitjar bygda.

Fjordstova er eit fleirbrukshus med kafe, basseng, klatrevegg, bibliotek, treningsrom, solarium , skytebane, saamfunnssal, møterom, husflidsutsal. Turistinformasjon har salg av fiskekort og formidar utleige av kajakk og syklar. Sal av turkart for fotturar og sykkelturar.

SYMJEBASSENG 12,5 m x 6 m, i tillegg til barnebasseng. Djupn 1,5 meter. 28 grader i vatn, 30 i luft. Garderobar og WC. Barn opp til 10 år må bada saman med vaksne. Vi har ikkje badevakt. Sal av billettar i kafeen, dagbillett eller årskort. Skjolden Hotel sine gjester nyttar bassenget som dei vil heile dagen. Spør hotellbetjeninga om nøkkel.

KLATREVEGG 12 meter høg, 7 ruter. Selar og tau kan leigast. Kompetanse på sikkerheit blir krevd.

SKYTEBANE 25 meter pistol og gevær kaliber 22. Kan leigast etter avtale med Skyttarlag/ Pistolklubb.

STYRKEROM Treningsrom med ulike apparat. Kjøp av årskort med nøkkeldepositum i kafeen.

HUSFLIDSBUA Suvenirbutikk med lokalproduserte husflidsprodukt og gåveartiklar frå Luster og andre deler av landet. Open i hovudsesongen og på førespurnad.

Kilde: Visit Sognefjord AS

Fjordstova, Skjolden

Sider du nylig har besøkt