Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Brandal

Fjordtur med veteranbåten «Polarstar»

Opplev ein tur på fjorden med den autentiske veteranbåten, ishavsskuta «Polarstar». Gjerne i kombinasjon med middag ombord og ei omvisning på Ishavsmuseet.

Polarstar kan leigast til blåturar, bedriftsturar eller møter og gjev ei unik oppleving for dine kundar. Skuta tar deg med på ei reise i fagre Hjørundfjorden, eller andre destinasjonar i området. Kombiner gjerne turen med eit besøk til Ishavsmuseet for omvising og middag i ramsalte
omgjevnadar, eller få lunsj/middag servert om bord.

Historia til Polarstar

Polarstar er Ishavet si Grand Old Lady og Noregs første selfangstskute, bygd i stål i 1948. I meir enn 50 år kjempa den mot brottsjø og skruis der vêrgudane kunne vere nådelause. Polarstar er eit seglande minnesmerke over ei dramatisk næring som i dag er borte; Selfangst.

Historiske merittar:
- Pionerbåt i oljeleitinga på 1960 talet.
- Sysselmannsskute på Svalbard i nær 10 år. Tidleg ut e i den nye turistsatsinga på Svalbard frå 1990.
- Ekspedisjonsfart og passasjerbåt på Grønland. Ulike oppdrag på Svalbard. - Faste oppdrag for Norsk Polarinstitutt. Fotografering av undervasskablar og ulike fraktoppdrag.

Polarstar vart kondemnert og redda frå opphogging to (!) gongar. Den stod ferdig restaurert og blei verna i 2017.

Bestilling på forespørsel!
Sesong: 1. mai - 30. oktober.
Maks 50 passasjerar.

Kilde: Ålesund & Sunnmøre

0

Fjordtur med veteranbåten «Polarstar»

Sider du nylig har besøkt