Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Aurland

Flåm kyrkje

Flåm kyrje ligg 3 km oppe i Flåmsdalen. Trekyrkja vart bygd i år 1667 . Altartavla er datert 1681.

Dekorasjonane i koret frå same tid er i vinrankemønster. Midtskipet i kyrkja har truleg vorte dekorert noko seinare og desse bileta er heilt eineståande som kyrkjekunst.

Under den siste restaureringa i 1967 vart det funne eit gamalt klede, brukt som antependium så seint som 1930. Kledet er granska og funne at det må vere ei ridderkåpe vevd i Venedig omlag 1300. Det er det einaste som er funne av dette slag i Norge. Kyrkja står open om sommaren.

Last updated: 02/29/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Flåm kyrkje

Sider du nylig har besøkt